Kva blir registrert når du melder deg på våre arrangement?
Husbanken har ein eigenutvikla modul for arrangement på husbanken.no. Modulen blir brukt til å administrere påmeldingar og å sende informasjon til deltakarane på førehand og/eller i etterkant av sjølve arrangementet. Deltakarlister, som berre inneheld namn og arbeidsstad, kan bli delt ut ved enkelte arrangement. Som deltakar får du i nokre tilfelle tilsendt evaluering/spørjeundersøking i etterkant av arrangementet. Behandlingsgrunnlaget er at vi treng denne informasjonen for å kunne administrere arrangement. Den informasjonen som blir behandla i samband med arrangement er:
Må fyllast ut ved registrering
Valfritt:
- telefonnummer
- arbeidsgivar
- stilling
- arbeidsstad
I nokre tilfelle ber vi om fakturaadresse, informasjon om allergiar og spesielle behov for tilpassing. Om du legg igjen sensitiv informasjon, som for eksempel allergiar og spesielle behov for tilpassing, blir dette sletta etter arrangementet. Alle opplysningane dine blir sletta permanent om lag 30 dagar etter arrangementet.
Det er du som gir oss alle opplysningane som blir lagra i databasen for arrangement. Berre Husbankens tilsette har tilgang til databasen. Husbanken vil ikkje gi ut dine personopplysningar til ein tredjepart.
Vi nyttar informasjonskapslar (cookies). Informasjonskapslar gjer at systemet hugsar kva du fylte ut ved tidlegare påmelding. I tillegg kan Husbanken hente ut besøksstatistikk frå Google Analytics. Meir informasjon om informasjonskapslar.
Husbankens nyheitsbrev og invitasjon til våre arrangement
Husbanken sender ut nyheitsbrev på e-post til dei som ønskjer det. Nyheitsbrevet inneheld kunngjeringar, fagartiklar, informasjon om kurs og arrangement, rettleiing og gode eksempel. For at vi skal kunne sende deg nyheitsbrev på e-post, må du registrere ei e-postadresse. E-postadressa vil berre bli brukt til å sende ut nyheitsbrev. E-postadressa blir lagra i ein egen database og blir ikkje delt med andre. Du kan melde deg av ved å trykke på avmeldingslenka i nyheitsbrevet.
Husbanken bruker Campaign Monitor til å administrere og sende ut nyheitsbrev. Det er Campaign Monitor som driftar databasen der e-postadressene blir lagra.
Nyheitsbrev er eit frivillig tilbod til den som ønskjer det, og behandlingsgrunnlaget er at det er nødvendig for å kunne sende ut nyheitsbrev.
Sosiale media
Husbanken har eigne sider/profiler på sosiale media som Facebook, Twitter, LinkedIn, Vimeo og YouTube. Opplysningane som du legg ut vil bli offentleggjorde. Dersom innstillingane i kontiane dine på sosiale media dine tillét det, får Husbanken informasjon om deg.
Informasjonen Husbanken har tilgang til, blir i enkelte tilfelle brukt for å treffe den rette målgruppa med kampanjane våre. Du kan sjølv velje å slette opplysningane. Vi lagrar ingen kopi når opplysningane blir sletta.
I samsvar med norsk lov, driv ikkje Husbanken med saksbehandling i sosiale media. Innlegg med sensitive opplysningar vil bli sletta. Vi tek oss retten til å slette innlegg som blir oppfatta som støytande, krenkjande, truande, eller på annan måte inneheld uakseptable formar for ytringar. Innlegg på andre språk, enn norsk og engelsk, vil automatisk bli sletta.
Funksjonen "Del med andre" kan du bruke til å vidaresende lenker til nettstaden på Facebook og Twitter. Vi loggar ikkje opplysningar om tips. Det blir brukt berre der og då til å legge inn tipset hos nettsamfunnet. Vi kan derimot ikkje garantere at nettsamfunnet ikkje loggar desse opplysningane. Alle slike tenester bør du bruke med vett.
Direktesending
På mange arrangement har vi direktesending/streaming. YouTube er databehandlar for Husbankens direktesendingar. Når du bruker YouTube, blir det samla inn trafikkdata, som blant anna viser kor mange og kor lenge du ser på direktesendinga.
Husbanken bruker hovudsakleg Vimeo og YouTube på nettsidene våre. Begge samlar inn data når du speler av ein video. Her bruker vi data til å finne ut kven og kor lenge videoane blir brukt. I nokre tilfelle har Husbanken lagt ein video frå Vimeo og YouTube som ein integrert del av nettstaden, då blir det ikkje samla inn data.
Bilder og filmklipp
Husbanken hentar alltid ditt samtykke dersom vi treng å behandle personopplysningar i form av bileta eller filmopptak. Bilde kan for eksempel vere frå eit arrangement, eit intervju, ei synfaring eller liknande. Unntaket er når du ikkje er motivet, men er ein blant mange i ei forsamling, eller at du er synleg i ein situasjon og situasjonen er motivet.
Har du gitt samtykke, vil erklæringa blir lagra i vårt arkiv saman med bilda eller filmutklippa som høyrer til. Dersom du ønskjer det, kan vi derfor slette bilda på eit seinare tidspunkt. I tillegg til ei samtykkeerklæring, vil vi alltid vurdere om det er etisk forsvarleg å publisere eit bilde eller ein film som identifiserer deg.
Spørjeundersøkingar
Når vi gjennomfører spørjeundersøkingar, vil vi alltid informere om det konkrete formålet med undersøkinga, og om den er anonym eller ikkje. Å svare på spørjeundersøkingar frå oss er frivillig. Husbanken vil ikkje dele opplysningane med andre, eller bruke opplysningane til andre formål enn det som er angitt.
Hovudformålet med evalueringar og spørjeundersøkingar er å utarbeide statistikk og analyser. Dei brukar vi til å forbetre og vidareutvikle Husbankens produkt og tenester. Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert, meinast at vi ikkje kan spore opplysningane attende til den enkelte brukar.
Behandlingsgrunnlaget for dette, er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkomen interesse, som veier tyngre enn omsynet til den einskilte sitt personvern. Den rettkomne interessa er å forbetre våre tenester.
Husbanken nyttar seg av SurveyXact til å gjennomføre spørjeundersøkingar.
Ingen personopplysningar, knytt til spørjeundersøkingane, blir arkivert. Husbankens databehandlar har system for å ivareta sikker lagring. Dei har i tillegg engasjert tredjepart, som med jamne mellomrom reviderer og kontrollerer at systema er tilstrekkeleg sikra.