Om Husbanken

Husbanken skal setje i verk regjeringa sin bustadsosiale politikk. Gjennom verkemidlar som bustøtte, lån, tilskot, kompetansebygging og kunnskapsutvikling støttar vi kommunane fagleg og økonomisk i arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Andre sentrale samarbeidspartnarar er velferdsaktørar, byggjenæringa og kunnskapsmiljø.