Klagenemnda for Husbanken

Klagenemnda behandlar klager på vedtak som er fatta av Husbanken. Nemnda er uavhengig, og underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet.

Har Husbanken fatta eit vedtak som du meiner er feil jamfør regelverket? Då kan du sende ein klage til Husbanken.

Dersom Husbanken ikkje gir deg medhald i klagen, kan du be om at klagenemnda skal behandle klagen din.

Du kan klage på enkeltvedtak om lån, tilskot eller bustønad. 

Du kan klage på bruken av regelverket, men ikkje på forskriftene eller innhaldet i regelverket.

Klage på lån og tilskot frå Husbanken skal sendast til Husbanken, Postboks 1404, 8002 Bodø.

Klage på startlån skal sendast til kommunen. Det er kommunen som behandlar søknader og fattar vedtak i søknader om startlån. Du finn adresse på kommunen sine nettsider.

Klage på bustønad skal sendast til kommunen: Slik klagar du på vedtak om bustønad. Du finn adresse på kommunen sine nettsider. Kommunen vil forberede saka og sende den til Husbanken for behandling.

Klagen må vere underskriven av deg eller di verje/fullmektig. Du kan ikkje sende klagen på e-post.

Det er ikkje nødvendig at du grunngjev klagen din, men du må vise til vedtaket du klagar på og forklare endringa du ønsker. Sjølv om det ikkje er eit krav at du grunngjev klagen din, er det ein fordel for deg at Husbanken og eventuelt klagenemnda får synspunkta dine på kvifor du meiner vedtaket er feil. Du bør ta med alle argumenta du meiner er relevante for saka. Alt som du har sendt inn og som har relevans til klagesaka, blir lagt ved saka.

Når du har sendt inn ein klage, vil Husbanken sjå på saka din éin gong til. Det er Husbanken som i første omgang behandlar klagen. Etter denne behandlinga kan utfallet bli eitt av to; enten får du medhald eller så vert avslaget oppretthaldt.

  • Får du medhald, blir vedtaket omgjort og du får brev frå Husbanken om kvifor vedtaket er gjort om.
  • Dersom vedtaket som er påklaga vert oppretthaldt, vil du få brev frå Husbanken med ei nærare grunngjeving om kvifor Husbanken ikkje vil gjere om vedtaket.

Dersom du etter denne orienteringa likevel vil ha saka lagt fram for klagenemnda, må du ta kontakt med Husbanken og gje beskjed om dette. Husbanken vil då klargjere saka for behandling i klagenemnda.

Før saka blir sendt til nemnda, vil du få Husbanken si framstilling av saka. Har du innvendingar til saksframstillinga, kan du sende dei til Husbanken. Saksframstillinga med vedlegg blir så sendt klagenemndssekretariatet, som sender saka vidare til klagenemnda.

Klagenemnda behandlar saker om lag ein gong i månaden. Kompetansen i nemda er regulert i forskrift om klagenemnd for Husbanken.

Klagenemnda har myndigheit til å undersøke og uttale seg om alle sider av saka. Dette betyr blant anna at dei kan undersøke om Husbanken har lagt riktig fakta til grunn for vedtaket, om forskriftene er riktig tolka og om Husbanken sine skjønnsmessige vurderingar har vore forsvarlege.

Når klagesaka blir lagt fram for klagenemnda, undersøker nemnda om vilkåra for å behandle klagen er innfridde. Dersom dei ikkje er det, skal nemnda avvise saka. Nemnda tek ikkje stilling til innhaldet i saka.

Klagenemndas avgjersle er endelig og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det at nemnda sitt vedtak er feil, kan du ta kontakt med Sivilombodet.

Du må klage innan tre veker etter at du har motteke vedtaket.

Klagenemnda er eit uavhengig statleg organ som er administrativt underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet. Det er departementet som bestemmer kven som er nemnda sine medlemmer.

Husbanken har ansvaret for nemnda sitt sekretariat.

Klagenemnda avgjer klager på enkeltvedtak om 

  • tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån, tilskot og bustønad
  • krav på tilbakebetaling av bustønad, jamfør lov om bustønad § 11

Klagenemnda kan ikkje instruerast verken når det gjeld tolking av regelverk, utøving av skjønn, avgjersler i enkeltsaker eller saksbehandling. Klagenemnda sine avgjersler kan ikkje påklagast.

For nærare reglar om klagenemndas kompetanse, saksbehandling med meir, sjå forskrift for Husbankens klagenemnd

Klagenemnda har tre medlemmer med personlege varamedlemmer.

Medlemmer i perioden 1.1.2021 til 31.12.2024:

  • Leiar Roger Helde (lektor, Trondheim)
  • Medlem Oddrun Remvik (tidlegare sosialrådgjevar, Oslo)
  • Medlem Tor-Jørgen Tofte (tidlegare bustadsjef, Bergen)

Varamedlemmer:

  • Kristoffer Dons Brøndbo (advokat, Tromsø) - for Roger Helde
  • Tove Korneliussen (sosionom, Oslo) - for Oddrun Remvik
  • Ingerd Lene Nyheim (rådgjevar, Nesttun) - for Tor-Jørgen Tofte