Bustad­sosial monitor

Den bustadsosiale monitoren gir ei oversikt over den bustadsosiale situasjonen i Noreg og i kommunane i landet. Monitoren viser informasjon om dei bustadsosiale utfordringane i ein kommune, og dannar grunnlag for analysar og tiltak.

Informasjonen i monitoren kan gjere det enklare å få oversikt over status, slik at kommunar, staten og andre aktørar kan ta betre avgjerder.

Slik fungerer monitoren 

For kvar av målgruppene på framsida kan du finne meir informasjon. Øvst kan du velje om du ønsker å vise informasjon om heile Noreg eller ein bestemt kommune. Ved å gå inn på ei målgruppe kan du velje å sjå alle indikatorane for ein kommune, eller samanlikne ein indikator med andre kommunar. Du kan òg samanlikne med gjennomsnittet for heile landet, og veksle mellom å vise tala i grafen i antal og andel. Sistnemnde kan til dømes vere nyttig for å vise ein tendens i ei utvikling, eller samanlikne kommunar med store forskjellar i antal.

Korleis kan indikatorane brukast?

Det er viktig å sjå indikatorane i ein større samanheng. Indikatorane åleine er ikkje uttømmande for å sjå heile biletet. Dei må brukast i samanheng med annan relevant informasjon og bli analyserte for å sikre eit godt grunnlag for avgjerder. Inne på kvar enkelt målgruppe ligg informasjon om rammene for innhaldet og eventuelle feilkjelder i statistikken. Spørsmålsteiknet i boksane seier noko om indikatoren, som definisjonar og kjelder.

Husbanken ønsker tilbakemeldinga di

Mange kommunar har allereie bidrege med verdifulle tilbakemeldingar. Vi jobbar kontinuerleg med å vidareutvikle monitoren og er takksame for alle innspel. Gi oss gjerne også tilbakemelding på kva indikatorar de ønske skal vere tilgjengelege i monitoren. Send oss ein e-post på post@husbanken.no.