Samfunnsoppdrag og mål
Regjeringa sitt mål er at alle skal bu trygt og godt. Ingen skal vere bustadlause. Regjerninga vil at alle skal kunne skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Dei som ikkje klarer det sjølv, skal få den hjelpa dei treng.
Husbanken sitt samfunnsoppdrag er å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og medverke til at vanskelegstilte kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Husbanken er statens viktigaste verkemiddel for å støtte kommunane sitt arbeid økonomisk og fagleg. Husbanken er også ein pådrivar for nye forsøk, innovasjon og at digitale løysingar blir tekne i bruk. Husbanken forvaltar økonomiske ordningar som bustøtte, startlån, tilskot til sjukeheimar og omsorgsbustader, og tilskot og lån til utleigebustader.
Det årlege tildelingsbrevet frå Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) set økonomiske rammer og mål for Husbankens verksemd det komande året. I tillegg får Husbanken eigne tildelingsbrev med oppdrag frå andre departementet.
Prioriterte målgrupper
Enkelte grupper i samfunnet er særleg sårbare på bustadmarknaden. I denne strategiperioden vil regjeringa rette en særskild innsats mot dei som står i fare for å bli eller er bustadlause, barn og unge, eldre og personar med nedsett funksjonsevne.