Bustad­sosial metodikk

Her finn du omtale av ulike bustadsosiale metodikkar og/eller tankegangar som kommunar kan bruke i arbeidet med å busette vanskelegstilte innbyggarar.

Bustad er ein menneskerett. Det er grunntanken i Housing First. Bustadlause personar som er rusavhengige og/eller har psykiske lidingar, skal få tilbod om bustad og tenester, utan krav.

Metoden er ein reaksjon på tidlegare trappetrinns-modellar, som forlangte at bustadlause måtte kvalifisere seg til å få bustad gjennom butrening, rehabilitering eller behandling. Her blir det snudd på hovudet: Ein skaffar ein eigna bustad først, og følger opp i tråd med bebuaren sine ønsker og behov. Reell medverknad knytt til val av bustad og type oppfølging er altså eit viktig prinsipp.

Modellen kjem opphavleg frå New York, og har spreidd seg til mange land i Europa og andre delar av verda. I Noreg starta dei første Housing First-prosjekta opp i 2012. Resultata er gode og viser at mange bebuarar har fått meir stabile buforhold og meir innverknad over eigne liv.

Housing first i Norge – ei oppsummering av kunnskap om Housing First-tiltak i Noreg (PDF)

Les meir om Housing First (napha.no)

Det finst ulike modellar for leige til eige. Målet er at husstandar som ikkje kvalifiserer for lån i privat bank, får hjelp til å kjøpe bustad. Leige til eige inneber å leige bustaden i ein periode først, mens deleige inneber at ein eig delar av bustaden frå første dag.

Nasjonale strategiar har i ei årrekke lagt vekt på at særleg vanskelegstilte barnefamiliar skal få hjelp til å kjøpe bustad dersom dei ikkje klarer det sjølv. Årsaka er at det er meir gunstig å eige, at barna bur meir stabilt når familien eig og at bustaden bidreg til å trygge husstanden for framtida.

Men ikkje alle kan eige med ein gong. Nokre må få tilbod om å leige først, enten kommunal bustad eller hos private.

Les meir om leige til eige

Eige-først-modellen går ut på å sette familiar i stand til å kjøpe bustad med hjelp av startlån og/eller tilskot til etablering, utan å gå vegen om leige først. Familiar som ikkje oppfyller vanlege krav til beteningsevne for startlån, kan altså likevel få startlån til å kjøpe bustad. Men modellen føreset at husstanden er veldig motivert for å eige bustad, og krev tett oppfølging over tid.

Les meir om eige først

Husbanken si «barna først»-satsing handlar om å prioritere å bruke verkemiddel på å løfte barnefamiliar med låg inntekt ut av fattigdom. Satsinga kom som eit svar på at talet på barn som levde i fattigdom auka mellom 2015 og 2019. Talet er gått litt ned, men framleis lever rundt 110 000 barn i fattigdom i Noreg, ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå (2021). Familiane bur ofte i leigebustad, dei bur trongt, og barna opplever kanskje å måtte flytte fleire gongar i løpet av barndommen.

Manglande tilhøyrsle, skamkjensle og sosiale problem kan bli resultatet når barn veks opp i fattigdom i eit land der dei fleste har mykje og kanskje meir enn nok.

Å eige eigen bustad kan vere løysinga på mange av desse utfordringane. Når familiar eig eigen bustad er det større sjanse for at barna opplever stabile oppvekstsvilkår. Dei får tid til å utvikle tilhøyrsle til eit nabolag, og dessutan plass til å gjere lekser og ha vennar på besøk. Stabile buforhold fører òg til at fleire barn fullfører vidaregåande skule. Les meir om dette i denne rapporten frå Institutt for samfunnsforsking: Boligens betydning for annen velferd.

Vi bør sjå bustaden som hjelp til sjølvhjelp, eit verkemiddel i arbeidet med integrering og kamp mot fattigdom.

Husbanken ønsker at kommunane skal strekke seg langt for at familiar med låg inntekt også skal kunne bli bustadeigarar. Kommunen kan nytte startlån til formålet, eventuelt i kombinasjon med bustøtte og tilskot frå kommunen. Les meir om dette her: Leige til eige

Evaluering av Barna først: Husbankens virkemidler for å få barnefamilier fra leie til eie (PDF)

Eksempel frå kommunar:

Velferdslab er ein modell der det kommunale hjelpeapparatet koordinerer sine tenester rundt familiar eller ungdom i vanskelege livssituasjonar. Modellen blir retta inn mot innbyggarar som opplever å ha lite stabile buforhold og må flytte ofte. Dette går utover barna som må byte skule og skifte omgangskrets.

Familien eller innbyggaren er i sentrum og deltek etter eit prinsipp om at «ingen avgjerder om meg takast utan meg». Gjennom å involvere innbyggarane og sjå velferdsoppgåver som investeringar, heller enn utgifter, kan offentleg sektor flytte innsats frå å reparere til å førebygge.

Den første velferdslaben blei opna i 2013, då Husbanken bad Asker kommune om å vere pilotkommune for å teste ut metodikk for tenestedesign i utforminga av bustadsosiale tenester. Sidan dette har ei rekke andre kommunar testa ut liknande prosjekt med gode resultat for både innbyggarar og myndigheiter.

I denne filmen kan du sjå korleis Asker velferdslab sitt verktøy "duken" blir brukt i samarbeid med innbyggarar:

 

 

Les meir om Asker velferdslab på kommunen sine nettsider

Foyer-modellen er ei pakkeløysing med bustad og støtteordningar for unge i alderen 16–24 år i inntil tre år. Målgruppa er ungdom som er i sårbare overgangsfasar mellom heim, institusjon eller fosterheim og eigen bustad. Tenestene som blir tilbodne gjennom Foyer-modellen inkluderer bustad, opplæring, rettleiing, støtte til jobbsøking eller skulegang, fritidsaktivitetar, sosialt liv og hjelp med å sikre at ungdommen har ein bustad når dei skal flytte for seg sjølve.

Modellen blei utvikla i Storbritannia på 1990-talet og har etter kvart spreidd seg til fleire andre land, inkludert Noreg. Den første foyeren her i landet blei oppretta i Bodø i 2014.

Les om Foyer Bodø (Bodø kommune)

FHI sin rapport Foyer-modellen for bostedsløse unge: en systematisk kartleggingsoversikt (fhi.no)

Å jobbe tverrsektorielt med bustadrådgiving overfor innbyggarane sine kan gi gode resultat i kommunen. Det kan føre til at fleire vanskelegstilte barnefamiliar får eige bustad, at personar med behov for tilpassa bustad får det, og at eldre blir meir sjølvhjelpne og kan bu heime lenger. Dermed kan kommunen få fleire fornøgde innbyggarar, samtidig som presset på dei kommunale tenestene minkar.

Bustadrådgiving er særleg aktuelt når det gjeld å skaffe og behalde bustad, og når det gjeld å tilpasse bustad.

Les meir om bustadrådgivning i kommunen