Barna først i Kragerø

Barnas beste skal vege aller tyngst i vurdering av beste løysing for familien. I Kragerø kommune set dei barna først, som ei erkjenning av at bustadpolitikken har eit ansvar for at alle barn skal bu godt og trygt.

Park og gamle hus i Kragerø
Foto: Morten Dalen, Kragerø kommune.

Prioriteringa er i samsvar med FN sin barnekonvensjon artikkel 3, som slår fast at «ved alle handlingar som råkar barn, skal barnets beste vere eit grunnleggande omsyn». Kragerø kommune har snudd dei tradisjonelle haldningane om at bustad skal reknast som eit mål folk må kvalifisere seg til å få. Kommunen ser i staden bustaden som hjelp til sjølvhjelp, eit verkemiddel i arbeidet med integrering og kampen mot fattigdom.

Kragerø kommune har oppnådd gevinstar som gav positive ringverknadar gjennom fullfinansiering med startlån og ekstraordinært tilskot til familiar utan fast inntekt.

Resultat

Bakgrunn

Då bustadkontoret begynte å arbeide med «Barna først»-tilnærminga, var det ei rekke barnefamiliar som budde dårleg og for dyrt. Husstandane hadde for svak økonomi til å betene ordinære lån, og mange familiar flytta ofte mellom dei få bustadene som fanst i ein pressa leigemarknad.

På denne tida skåra Kragerø høgt på mange negative indikatorar i levekårsundersøkingar. Bustadkontoret kartla over 70 familiar med låg inntekt, som budde i dyre og ueigna leigebustader.

Hausten 2019 fekk kommunen moglegheit til å søke Husbanken om ekstraordinære tilskotsmidlar. Samstundes ville kommune overføre tankesettet og erfaringane frå prosjektet «eige først» for flyktningfamiliar over til Barna først for alle utsette barnefamiliar.

Mål og målgruppe

Kragerø kommune hadde sett seg eit mål om å hjelpe barnefamiliane som leigde dyrt og dårleg, og som hadde låg og usikker inntekt. Dei skulle få moglegheit til å kjøpe sin eigen bustad som passa deira behov, der dei kunne bu så lenge dei ønska.

Desse familiane skulle også få betra kompetansen sin om bustad- og økonomi gjennom kurs, der delar av bustadskulen som Kragerø kommune har utvikla skulle bli nytta. Mange av familiane hadde frå før av tverrfagleg oppfølging frå til dømes barnevern, helsestasjon, flyktningteneste og Nav. Målsetninga i desse sakene var at ein eigna bustad og ryddig økonomi ville bidra til meir målretta jobbing med til dømes utdanning og arbeidstilnærming. På lengre sikt er målet at alle familiane skal bli økonomisk sjølvhjelpte.

Kommunen såg også for seg at tiltaket ville styrke integreringsarbeidet. Barnefamiliar og flyktningfamiliar med tidlegare økonomisk utanforskap ville kunne eige bustad, bu der alle andre bur, og dermed betre oppvekstvilkåra til barna.

Skildring av prosessen

Steg 1: Bustadkontoret gjekk gjennom alle søknadene om startlån. Søknadar som tidlegare hadde fått avslag grunna for låg eller uføreseieleg inntekt, og dermed manglande beteningsevne, blei også tatt med. Bustadkontoret gjekk også gjennom søknader om bustøtte for alle barnefamiliar som hadde søkt det siste året. Familiane som betalte høg husleige og som hadde låg inntekt blei plukka ut og deretter kontakta for meir informasjon.

Steg 2: Vidare inviterte bustadkontoret seg sjølv inn på alle samarbeidsarenaer hausten 2019. Då fekk dei kartlagt alle barnefamiliar med låg inntekt, og som budde i dårleg eigna leigebustad. Fagavdelingar som barnevern, Nav, helsestasjon og barnehagar blei oppfordra til å kontakte brukarar i denne kategorien og informere om moglegheita for å kjøpe bustad. I barnehagane blei det lagt lappar i hyllene til alle barna, med same informasjon til foreldra.

Kvar enkelt familie kunne dermed ta direkte kontakt med bustadkontoret for å bli vurderte for bustadkjøp og eventuelt søke om ekstraordinære tilskot. Ved å nytte denne framgangsmåten kom ikkje bustadkontoret i konflikt med teieplikta eller omsyn til personvern.

Bustadkontoret fekk også kartlagt om det var andre tenesteområde som dei kunne hjelpe familien med å avklare. Til dømes søke om uføretrygd i staden for AAP eller sosialstønad, søke om skatteavgrensing, barnebidrag med meir. Kunne Nav gi lønstilskot til arbeidsgivar for å auke søkaren sine moglegheiter for jobb i framtida? Formålet var å belyse alle forhold som kunne beter og gjere familiane sin inntekt meir føreseieleg og robust.

Steg 3: Bustadkontoret søkte Husbanken om ekstraordinære tilskotsmidlar for om lag 55 av dei kartlagde familiane. I kvar enkeltsøknad blei det lagt inn noverande og framtidig budsjett, i tillegg til tverrfagleg oppfølgingsplan for kvar familie.

Steg 4: Etter ein idé frå bustadkontoret, søkte Nav om kompetansetilskotsmidlar frå Statsforvaltaren til å gjennomføre økonomikurs og bustadskule for dei familiane som kommunen ville gjere klar til å bli bustadeigarar.

Steg 5: Bustadkontoret laga ei brosjyre som fungerte som ei handbok for bustadkjøparar. Kommunen laga også brosjyrar både for utleigarar og leigetakarar, i tillegg til eit lite hefte med økonomiråd.

Steg 6: Samstundes auka kommunen låneopptaket av startlånmidlar frå Husbanken med den summen Kragerø kommune meinte det var behov for. Kommunen ville nemleg ha moglegheit til å gi familiane fullfinansiering til bustadkjøp. I tillegg fremma bustadkontoret sak til politisk behandling i kommunestyret for ekstra innlån av startslånmiddel i 2019, i tillegg til innarbeidd auka beløp i budsjett for 2020. For å få gjennomslag for eit politisk ja til dette, inviterte bustadkontoret seg inn for å informere politikarane i formannskapet.

Steg 7: Etter kvart som Husbanken sitt vedtak om løyve av tilskot for enkeltfamiliane kom, kalla bustadkontoret familiane inn til lånemøter. Her fekk familiane både hjelp til sjølve søknaden om startlån og til å sjå døme på alternative bustad- og finansieringsløysingar. Alle familiane fekk tett oppfølging og rettleiing. Dersom familien hadde koordinator frå barnevern eller helsestasjon, var også desse med i første møte. Bustadkontoret hjelpte i heile kjøpsprosessen. Der bustaden hadde behov for oppgradering, fekk familiane startlån til dette.

Steg 8: Familiar som var klare for bustadkjøp blei invitert til økonomikurs (sjå steg 5). Det blei halde 5-6 kurskveldar/dagar for kvar av dei aktuelle familiane. Kurset blei halde av gjeldsrådgivar i Nav og bustadkonsulentar ved bustadkontoret. Parallelt hadde bustadkontoret også bustadskule for flyktningar i introduksjonsprogrammet.

Meir om bustadskulen

Bustadskulen og kurs utvikla i samarbeid med Nav har gjort eit stort antal familiar medvitne. Det har også sett opp bustad og bustadkjøp som samtaletema i miljø der bustadkjøp ikkje har vore vurdert av kulturelle eller av personlege årsaker.

Bustadskulen er laga som eit modulbasert kurs for flyktningar. Men opplegget passar også godt for komande huskjøparar, nyetablerte familiar og andre som får starthjelp og oppfølging frå Nav. Målet er deltakarane skal kunne ta fullt ansvar for eigen busituasjon.

Bustadskulen blir tilbydd alle med behov for kompetanse kring busituasjon og økonomi, ikkje berre dei med spesielle utfordringar. Kurset nyttar eksterne ressursar som økonomirådgivar, vaktmeister, reinhaldar, og fagfolk frå renovasjon og brannvesen.

Bustadskulen dekkjer alle sider ved det å bu. Temaa spenner seg frå norsk bustadpolitikk, økonomi, forpliktingar, korleis finne bustad, vedlikehald, naboar, brann, straum og bustøtte til problemløysing som reinsing av sluk. Kvart tema kan nyttast som ei sjølvstendig eining.

Kragerø kommune deler gjerne materiell og brosjyrar frå bustadskulen med andre kommunar. Ta kontakt med bustadkontoret i Kragerø kommune for meir informasjon.

Finansiering

Kvar familie fekk eit stort ekstraordinært tilskot på mellom 300 000 og 700 000 kroner. Dei fekk også startlån til å kjøpe bustad og naudsynt oppgradering. Bustadkontoret brukte også moglegheitene i lang nedbetalingstid, avdragsfridom og fastrente utan over-/underkurs.

Suksessfaktorane

Utfordringar undervegs

Mange av bustadene som var for sal hadde store oppgraderingsbehov. Bustadkontoret måtte difor også gi finansiering av oppgraderinga. Mykje tid gjekk til å rettleie kvar enkelt familie i denne prosessen. Men det var likevel naudsynt for at familien skulle få ein varig eigna bustad som ikkje var stigmatiserande. Etter fullført oppgradering er familiane stolte av den «nye» bustaden sin og inviterer gjerne vener heim!

Ved bustadkjøp med tilleggsfinansiering til naudsynt oppgradering, la bustadkontoret til grunn framtidig bustadverdi etter oppgraderinga. Det krev god kompetanse og oversikt over den lokale bustadmarknaden.

Det var dårleg tilgang på eigna bustader som familiane kunne ha rådt til å kjøpe. I lange periodar har det vore svært få eller ingen bustader til sals.

Fleire tips til andre kommunar

Lenker

Evaluering av Barna først: Husbanken sine verkemiddel for å få barnefamiliar frå eige til leige
Rapport utarbeidd for Husbanken (OsloMet/NIBR 2020) der Kragerø kommune er ein av pilotkommunane i forskninga

Huseierne.no: Flyktningar blir bustadeigar
Artikkel om eige først i Kragerø kommune