Initiativet kom frå bygdefolket gjennom eit folkemøte i november 2019, og har sidan vore breitt forankra politisk og administrativt i kommunen, med støtte frå både lokale ildsjeler, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Husbanken og Distriktssenteret. Bakgrunnen for prosjektet er ei negativ folketalsutvikling og behov for fleire barnefamiliar, elevar i skulen og nye arbeidsplassar i bygda. Eit av hovudgrepa har vore å utvikle eit prøvebutilbod – ein lågterskel einebustad – som kan senke terskelen for tilflytting, og bidra til overgang frå leige til eige.
- Tokke
- 2026