Overføring av lån
Det er begrensa høve til å overføre husbanklån til ny eigar..
Overføring av lån
Det er begrensa høve til å overføre husbanklån til ny eigar.
Hovudregelen er at husbanklån ikkje kan overførast. Lån kan jamvel overførast ved samlivsbrot, overføring av bustaden til husstandsmedlem i nær familie, uskifte/skifte og når spesielle omsyn tilseier det. Slike omsyn kan vere at det ikkje finnast alternativ til Husbankfinansiering, til dømes ved sal av bustader i fråflyttingsområde.
Korleis søke?
Om ektefelle skal sitje i uskifte eller overta buet og gjeldsansvaret, kan lånet overførast på gjeldande vilkår ved oversending av uskifte-/skifteattest. Det er ikkje naudsynt å bruke søknadsskjema. Det blir heller ikkje gjort ei kredittvurdering.
Ved alle andre overføringar må den som skal overta bustaden sende inn søknad til Husbanken.
Søkjar må
dokumentere at ho/han har økonomi til å betale lånet.
Saksbehandlinga går raskare om alle naudsynte opplysningar og vedlegg vert sendt inn saman med søknadsskjema
Sist oppdatert:
10.04.2018