Rettleiar for tilskot til tilpassing

Tilskotsordninga bidreg til at personar med behov for tilpassa bustad, får gjort nødvendige tilpassingar, slik at dei fortsatt kan bu heime ved nedsett funksjonsevne.

Startskudd forenklar saksbehandlinga og bidrar til å finne gode løysingar og til å sjå verkemidla, startlån og tilskot, i samanheng.

Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om dei skal gi tilskot og kor stor tilskotsutmålinga skal vere. Tilskotet kan bli gitt aleine, eller i samfinansiering med startlån, eventuelt lån frå Husbanken til oppgradering (lån til bustadkvalitet). Når kommunen innvilgar startlån kan behovet for tilskot i kvar enkelt sak reduserast ved å nytte seg av potensialet for lang nedbetalingstid og eventuell avdragsfridom for startlånet.


Tilskot kan tildelast personar med nedsett funksjonsevne og til eldre som har behov for eller ønske om å tilpasse bustaden sin, slik at dei fortsatt kan bu heime ved framtidig nedsett funksjonsevne.

Både personar som eig eigen bustad og personar som leiger bustad kan få tilskot til tilpassing. Dersom kommunen innvilgar tilskot til personar i leigd bustad, må utleigar godkjenne tiltaka som gjeld tilpassinga.

Startlån kan òg bli gitt til finansiering av tilpassing av bustad.

Tilskot til tilpassing kan givast til alt frå enkle tiltak til større ombyggingar, for eksempel:

  • Utvendig terrengarbeid der det er nødvendig for å betre tilgjengelegheita.
  • Påbygging/ombygging av bustad for å få alle nødvendige rom på eitt plan.
  • Utviding av døropningar/rom/korridorar og byte av dører, inkludert branndører.
  • Fjerning av tersklar og terskelplater.
  • Installering av eller tilrettelegging for velferdsteknologi som får bustaden til å fungere betre og førebyggje behov for tenester eller innlegging i institusjon.
  • Anna arbeid som er nødvendig for at personar med nedsett funksjonsevne kan fortsetje å bu heime.

Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om ein skal gi tilskot og kor stor tilskotsutmålinga skal vere. Tilskotet er avhengig av tilgjengelege midlar i kommunen, samt ei heilskapleg vurdering av behov og mogelegheiter for stønad frå andre offentlege ordningar. Kommunen vurderer sjølv om det er nødvendig med økonomisk behovsprøving av tilskotet.

Søknad og saksgang

Under saksbehandlinga gjer kommunen ei individuell vurdering av husstandens behov for  tilskot til tilpassing. Kommunen har ikkje plikt til å innvilge tilskot, men må behandle søknadene. Kommunen kan bruke stor grad av skjøn i saksbehandlinga og når dei fattar vedtak i søknadene. Kommunen kan derimot ikkje behandle søkarane ulikt.

Her finn du informasjon om Startskudd, saksbehandlingsverktøyet for startlån og tilskot.

Når saka er behandla vil vedtaket vere i ei av desse formene:

  • Tilsegn: Stadfesting på at tilskot er innvilga, skal innehalde tilskotsbeløp, kor lenge tilsegna er gyldig og føresetnadene for å få tilskotet utbetalt.
  • Avslag: Enkeltvedtak som skal grunngjevast og kan påklagast, jamfør Forvaltningslova § 28.

Kommunen sitt vedtak skal vere skriftleg og må innehalde opplysningar om høve til å klage på kommunale vedtak. Det kan klagast på tildeling, utmåling, avvising og avslag etter reglar i forvaltningslova. Klagen skal sendast kommunen.

Det bør krevjast pant i bustaden eller i heimelsdokumentet til bustaden til sikkerheit for eventuelt krav om tilbakebetaling av tilskot, jamfør punkt om tilbakebetaling.  

Tilskot på inntil 40 000 kroner kan givast utan sikkerheit. 

Kommunen må sjølv syte for nødvendig sikkerheit og kan velje andre reglar for sikkerheit.

Tilskotet kan utbetalast i takt med framdrift av arbeidet, eller samla når

  • bustaden er overteke, eller
  • prosjektet er ferdigstilt, eller
  • tilpassinga er gjennomført, og
  • tilfredsstillande sikkerheit er etablert, og
  • søkjar har dokumentert at kostnadene er påkomne og fakturert.

Kommunen kan sjølv velje om delar eller heile tilskotet skal gå til direkte avskriving. Regler for avskriving kan for eksempel vere å fastsetje ein fast årleg prosent for avskriving.

Tilskot kan krevjast tilbakebetalt, heilt eller delvis, dersom føresetnadene for tildelinga ikkje vert overheldt. Det må kome tydeleg fram av låneavtalen dersom kommunen for eksempel vil sikre at ein bustad, som er delvis finansiert med tilskot, ikkje kan framleigast.

Blir bustaden overdrege til ny eigar i avskrivningsperioden til tilskotet, vil attståande tilskot bli kravd tilbakebetalt, eventuelt gjort om til rente- og avdragspliktig lån. I særlege tilfelle, for eksempel ved sal av bustad som fører til tap, kan ein gå frå kravet om tilbakebetaling av tilskotet.

Kommunen kan sjølv velje andre reglar som gjeld tilbakebetaling.