Rettleiar for tilskot til tilpassing
Tilskotsordninga skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad, no eller i framtida, får gjort nødvendige tilpassingar slik at dei fortsatt kan bu heime ved nedsett funksjonsevne.
Frå 2020 er det ei kommunal oppgåve å gi økonomisk hjelp til bustadetablering og bustadtilpassing. Saksbehandlarsystemet Startskudd forenklar saksbehandlinga og bidrar til å finne gode løysingar og til å sjå verkemidla, startlån og tilskot, i samanheng.
Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om dei skal gi tilskot og kor stor tilskotsutmålinga skal vere. Tilskotet kan bli gitt aleine, eller i samfinansiering med startlån, eventuelt lån frå Husbanken til oppgradering (lån til bustadkvalitet). Når kommunen innvilgar startlån kan behovet for tilskot i kvar enkelt sak reduserast ved å nytte seg av potensialet for lang nedbetalingstid og eventuell avdragsfridom for startlånet.