Kirkeparken omsorgssenter midt i byen

Hammerfest kommune bygde eit sentrumsnært omsorgssenter i 2015 med sjukeheimsplassar, omsorgsbustadar, dagtilbod og vanlege bustadar. Ideen var å samle omsorgstenester på ulike nivå, og samstundes opne opp for fleirbruk og besøk på tvers av alder og funksjon.

Foto av bygning og uteområde Kirkeparken omsorgssenter
Foto: Sikt Media ved Trygve Hammelbo

Hammerfest sentrum har hatt ein tett, urban kvartalstruktur. Dette blei forsterka av at Kirkeparken omsorgssenter blei en del av sentrum i 2015. I tillegg er det bygd private bustader på taket og ein offentleg parkeringskjellar.

Det framifrå med Kirkeparken omsorgssenter er det bymessige grepet, som bidrog til at Hammerfest blei nominert til pris som ein av Noregs mest attraktive byar i 2016.

Resultat

Bakgrunn

Kommunen hadde behov for fleire ulike omsorgsplassar for eldre frå eit stort omland i og kring Hammerfest, mellom anna frå Pensjonærhjemmet i Rypefjord, som skulle leggast ned.

Kommunen lyste ut arkitektkonkurranse. Det var Consto, i samarbeid med Borealis Arkitektar as, Steinsvik Arkitektkontor as og Barlindhaug Eiendom as som utforma forslaget som fekk toppscore på funksjonalitet og val av løysingar. Consto utførte prosjektet son totaltenterprise med samspelfase, der brukarar og byggherren deltok.

Mål og målgruppe

Byggeprosessen

Prosjektet var Nord-Noregs største byggeprosjekt i åra det var under oppføring. Det var eit komplekst byggeprosjekt med mange utfordringar, i og med at det blei ferdig i fleire etappar. Frå to etasjar under bakken og oppover.

Dermed måtte dei tekke taka mellombels fleire gonger for å halde bygget tett i byggeperioden. Kompleksiteten i byggeprosjektet gav også utfordringar med bæresystemet og rømingsvegar.

Kommunen sine erfaringar frå dei første driftsåra

Finansiering

Totale byggekostnadar var på 440 millionar kroner. Sjukeheim og omsorgsbustader blei finansiert med investeringstilskot frå Husbanken. Les meir om investeringstilskot til omsorgsbustadar og sjukeheimar.

Private leilegheiter blei seld på den opne marknaden.

Tips til andre

Lenker

Kirkeparken pleie- og omsorgssenter og Batteriet bustadar
artikkel på bygg.no frå oktober 2015

Fekk fire timar på seg til å overtyde juryen om at denne byen er Noregs mest attraktive.
artikkel i ifinnmark.no frå mai 2016