Heradshus i Stokmarknes har blitt utleigebustader
Heradshuset frå 1886 har tidlegare vore postbygg, fritidsklubb og kulturskule. No har den raude bygarden i sentrum av Stokmarknes blitt omgjort til utleigebustader. Kommunen har ein tilvisingsavtale med den lokale utbyggaren på tre av dei åtte leilegheitene til ei kvar tid.
Alle foto: Torgeir Sørensen
Bakgrunn
Hadsel kommune er ein distriktskommune i Vesterålen med 8 200 innbyggarar. Bustadmarknaden i kommunen er velfungerande, men under press. Det er framleis behov for fleire eigna utleigebustader til alle målgrupper.
I 2020 kjøpte familien Hoksa det 137 år gamle heradshuset gjennom selskapet Ørnheia AS. Målet var å gjere det om til bustader. Bygget har tidlegare husa både ungdomsklubb og kulturskule, og generasjonar av vesterålingar forbind det med hyrekontoret til Vesterålske.
Resultat
- Eit totalrenovert og moderne leilegheitsbygg både utvendig og innvendig, renovert etter eksisterande byggeskikk og dagens tekniske forskrift (TEK17).
-
Det er to 2-romsleilegheiter på 44 kvadratmeter til 8 900 kroner i månaden og seks 3-romsleilegheiter på 65–78 kvadratmeter til 12 900 kroner.
-
Nokre leilegheiter har bod inne, medan alle har utebod og parkeringsplass.
-
Leilegheitene blei tekne i bruk i juni 2023.
Mål og målgruppe
Stadig fleire menneske slit økonomisk på bustadmarknaden. Å få leige ein bustad gjennom tilvising er ei ordning for menneske og familiar som av ulike årsaker fell utanfor den ordinære bustadmarknaden. Etter at prosjektet på Stokmarknes stod ferdig, blei alle leilegheitene raskt leigde ut. Bebuarane er ein fin miks av ulike aldersgrupper.Beskriving av prosessen
Familien Hoksa hadde kjøpt og renovert fleire eldre hus til utleige på Stokmarknes sidan dei flytta frå Albania i 2005. Dermed kunne dei mellom anna dokumentere for Husbanken at dei var profesjonelle utleigarar.
– Å bidra til at fleire får lyst til å bu langs kysten i vakre Nord-Noreg ved å tilby trivelege hus å bu i, har alltid motivert og inspirert oss til å overvinne utfordringane i bransjen, fortel Andro Hoksa, eigedomsutviklar i familieselskapet.
Det gamle heradshuset var slite og falleferdig då dei overtok bygget. Knuste ruter og rotnande bunnsvill var berre ein del av utfordringane. Kjærleiken til staden og den historiske bygninga gjorde at dei nye eigarane la ned stor eigeninnsats og mykje pengar i prosjektet.
– Det hadde vore enklare å rive og bygge nytt. Men vi er opptekne av gjenbruk og ville ta vare på historia og miljøet, og lage attraktive utleigebustader med høg standard og leigeprisar folk har råd til. Ikkje alle ønsker å eige. Då er det viktig at dei som leiger, kan føle eigarskap og ta vare på bustaden, seier Andro Hoksa.
Offentleg leikeplass, parkering og uteplassar som følgjer sola er òg ein del av prosjektet.
Hadsel kommune lyste ut tilvisingsavtale hausten 2020 og fekk inn fleire tilbod. Familien Hoksa var ein av dei og inngjekk avtale. Det gir kommunen rett til å tilvise personar eller familiar til tre av dei åtte leilegheitene.
– Alle skal ha det godt og trygt, uansett økonomisk eller sosial status. Difor skal det ikkje vere mogleg å sjå kva leilegheiter som ligg under ein tilvisingsavtale. Ein skal ikkje sjå noko anna enn at alle har eit normalt bumiljø. Det har dei fått til her, seier Geir-Ove Meland i Husbanken.
Finansiering
Tips til andre
- Bustadutviklaren bør involvere din private bank tidleg med tanke på byggelån.
- Ta høgd for eit forvaltingsapparat med vaktmeistertenester i større grad ved bustadutleige enn ved næringsutleige.
- Dei som bygger utleigebustader bidrar til å ta eit samfunnsansvar.
- For ein bustadutviklar er fleksible kommunar med korte søknadsprosessar og ferdigregulerte bustadtomter attraktive samarbeidspartnarar.
- Å få finansiering frå Husbanken betyr betre leige og moglegheiter for lengre nedbetalingstid.
Lenker
Les meir om Husbanken si ordning med utleigebustader og tilvisingsavtalar
Vidareføring av arbeidet
Både familien Hoksa og Husbanken har fleire utleigeprosjekt med tilvising på blokka for Vesterålen. Sistnemnde har prosjekt på Sortland, i Bø, Øksnes og på Stokmarknes.
Husbanken ønsker å bidra til å få fart i bustadmarknaden og tenke nytt og kreativt om bustadutvikling saman med kommunane og bransjen.
Sjølv om eigarlinja ligg fast og Husbanken gir startlån for å hjelpe mange til å kunne kjøpe sin eigen bustad, er banken òg oppteken av dei som leiger – og dei som leiger ut.
– Det finst for få utleigebustader, og mange av dei eignar seg ikkje. Samstundes har vi nok av bygg som kan transformerast, og vi har gode erfaringar med å finansiere slike prosjekt. Det kan vere vel så bra å bygge om som å bygge nytt i ein del tilfelle, og det gir dessutan betre miljøfotavtrykk. Vi i Husbanken ønsker ein meir profesjonell utleigemarknad med meir ordna forhold, avsluttar Geir-Ove Meland.
Dei fleste bileta og delar av teksten i dette dømet er henta frå ein artikkel i Bladet Vesterålen og brukt etter avtale med journalist Tor Johannes Jensen.