Vanylven kartla ledige bustader digitalt

Vanylven hadde ikkje lenger ei aktiv flyktningteneste eller oversikt over tomme bustader i 2022. Då IMDi oppmoda kystkommunen på Sunnmøre om å ta imot 15 flyktningar frå Ukraina, valde dei å digitalisere registrering av ledige bustader.

Kommunenavn: Vanylven
Kommunestørrelse: Liten

Utan ei etablert flyktningteneste var kommunen forsiktig med kor mange flyktningar dei kunne ta imot i første runde, med tanke på bustader og det kommunale tenestetilbodet.

Utleigarar melde seg digitalt

Kommunen utarbeidde derfor eit digitalt skjema på heimesida, der aktuelle utleigarar kunne legge inn opplysningar om bustader. Informasjonen blei arkivert direkte i kommunen sitt saks- og arkivsystem. Då ein ansvarleg «flyktningmottakar» var blitt engasjert, hadde kommunen allereie ei god oversikt over ledige bustader.

Frå 15 til 50 flyktningar

I løpet av hausten 2022 hadde busettinga av alle dei første flyktningane gått bra. Kommunen meldt til IMDi at dei kan ta imot 30 flyktningar i 2023, og har ei politisk sak på bordet om å auke talet til 50 for inneverande år.

Lån til å kjøpe bil

Vanylven kommune har 3013 innbyggarar fordelt på 385 kvadratkilometer. Kommunen er avhengige av å busette flyktningane i tettstadene. Transport er ein føresetnad for å kunne nytte seg av nødvendige tenestetilbod, spesielt barnehage, skule og introduksjonsprogram.

Dei fleste flyktningane har sertifikat. I kommunestyremøte 9. mai 2023 vedtok kommunestyret å etablere ei låneordning for flyktningar der kvar husstand kan få kommunalt lån for å kjøpe motorkøyretøy. Kommunen bruker pengar frå disposisjonsfond (flyktningefondet) for å etablere låneordninga. Askvoll kommune har ei liknande ordning.

Finansiering av fleire bustader

Vanylven kommune kjem til å vurdere Husbanken sine verkemiddel i samband med busetting i 2023, blant anna startlån for å frigjere eksisterande utleigebustader. Kommunen har òg sett av eigne middel til å kjøpe 20 prosent i eit leilegheitskompleks på kommersielle vilkår som ekstra stimulering til bygging av bustader.

Husbanken har ei eiga side med informasjon om bustader for flyktningar