Grimstad brukte startlån for å frigjere utleigebustadar

I tillegg til å leige bustadar på den private marknaden, brukte Grimstad kommune i 2022 startlån aktivt. Bebuarar i kommunale bustadar, som hadde økonomi til å kjøpe sine eigne bustadar, fekk bistand til dette. Dermed fekk kommunen frigjort fleire leigebustadar til dei 158 flyktningane som kommunen busette gjennom 2022.

Nærbilde av to hender, der den ene gir den andre en husnøkkel. Foto.

Den første månaden etter at krigen i Ukraina starta, stod 70 flyktningar i Grimstad og trengte ein stad å bu. Ein alternativ mottaksplass blei ei midlertidig løysing som gav kommunane tid til å reorganisere seg og løyse oppdraget. Dei to føregåande åra hadde nemleg kommunen redusert antal medarbeidarar i Flyktningtenesta og antal leigeforhold i takt med stadig færre flyktningar.

I 2022 oppmoda IMDi Grimstad først om å ta imot 29 flyktningar. Det blei revidert til 150. Då hadde kommunen berre to ledige bustadar som egna seg. Men med solid erfaring og gode rutinar, velvillige frivillige og tilsette som «heiv seg rundt» klarte kommunen å busette 158 flyktningar.

Private leigebustadar i vanlege nabolag

Dei aller fleste bustadane blei leigd inn frå private. Den praksisen har Flyktningtenesta gode erfaringar med. Spreidd busetnad gir god integrering, og flyktningane blir ein del av vanlege nabolag. Kommunen tok direkte kontakt med huseigarar frå tidlegare samarbeid. I tillegg oppfordra ordførar og kommunedirektør befolkninga til å stille opp på dugnaden gjennom oppslag i lokalavisa.

På heimesida til kommunen blei det sett opp eit eige «Ukrainaområde», der behovet for bustadar, møblar og kontakt med Flyktningtenesta blei skildra. Folk som hadde bustad kunne få informasjon om kor dei skulle melde seg. Nettsida bidrog til at ein straum av folk med bustad og inventar kontakta bustadkontoret.

Startlån frigjorde fleire bustadar

Flyktningar som allereie budde i kommunalt disponerte bustadar og som hadde ei tilstrekkeleg inntekt, fekk tilbod om startlån til å kjøpe sin eigen bustad. Dei tre viktigaste kriteria var at dei

Husleigekontrakt

Ein privat huseigar får ei kontrakt med bustadkontoret i Grimstad kommune, som igjen framleiger bustaden til den flyktningen som skal busettast. Kontrakten stiller garanti for leigeforholdet og huseigar forheldt seg til kommunen som leigetakar i leigeperioden.

Jobbsentralen er ein nøkkel

I Grimstad er det bustadkontoret som har ansvar for å skaffe bustadar, samt tildele og administrere kommunale utleigebustadar og løyver startlån. Kommunikasjon med IMDI og kontroll over kven som skal busettast ligg hos kvalifiseringstenesta. Frå kvalifiseringstenesta kjem det bestilling på bustadar til bustadkontoret. Jobbsentralen er eit arbeids- og aktivitetstiltak som gjer klar bustadane før innflytting. Dei tek imot brukte møblar, reinsar dei og gjer dei i stand.

Les meir om bustadar til flyktningar