Burettslaget Felles framtid i Stange
Felles framtid er eit burettslag for personar med utviklingshemming i Stange kommune. Burettslaget stod ferdig i 2016. Her eig dei ti bebuarane si eiga leilegheit, og kommunen leiger lokale til sine tilsette.
Bli med inn og bli betre kjent med Felles framtid i denne filmen:
Resultat
- Dei ti bebuarane eig kvar si leilegheit. Bustadene er organiserte som eit burettslag.
- Felles kjøkken og stove blir brukt til sosiale aktivitetar.
- Stort uteområde og hage med moglegheit for dyrking og aktivitetar.
- Kvar leilegheit har eigen inngang utanfrå, slik at bebuarane ikkje treng gå gjennom fellesareal på veg heim.
- Alle leilegheitene har utgang til hagen og ein privat sitteplass ute.
- Kommunen leiger areal til tilsettbase/kontor.
Bakgrunn
Bebuarane i burettslaget har kjent kvarandre lenge. Mange av dei møttest og budde saman i nokre år på det midlertidige opplærings-, bu- og sosialtreningstilbodet Grobunn. Nokre kjende kvarandre òg frå felles barnehage og skulegang på Steinerskulen i Ottestad, like ved burettslaget.
Det var på Grobunn at ideen om «Felles framtid» blei sådd. Dei føresette var bekymra for kva som skulle skje med barna etter opphaldet på Grobunn og vidare i livet. Dei var redde for at barna skulle hamne i kommunale bufellesskap med totalt ukjende menneske. Felles framtid skulle vere ein god stad å bu i trygge og kjende omgjevnader resten av livet.
Namnet Felles framtid viser til at bebuarane skal bygge ei framtid saman og bli kvarandre sin familie.
Prosessen
Felles framtid blei bygd på initiativ frå foreldra. Foreldregruppa frå Grobunn blei etablert i 2007 med mål om å jobbe tett med kommunen for å etablere eit eige bufelleskap for barna. Etter lang og intensiv jobbing blei samarbeidet med kommunen etablert i 2011.
Det blei etablert ein byggekomité som skulle sikre kvalitet og framdrift. Komiteen bestod av føresette med erfaring og byggeteknisk kompetanse. I 2012 og 2013 blei det forhandla fram avtale om kjøp av to tomter, eigd av Steinerskulen og ein privatperson. Tomta blei deretter kjøpt og overdrege til Stange kommune.
Arkitektløysinga blei utvikla i tett samarbeid med byggekomiteen og føresette for å sikre at bygningsmassen ikkje skulle ha eit institusjonelt preg, men heller gi inntrykk av ein heim.
Burettslaget blei formelt etablert i 2015, og vedtekter som sikrar at bustadene berre kan brukast av personar med utviklingshemming, blei vedtekne.
I 2016 stod bygget ferdig, og 1. april kunne dei ti spente ungdommane endeleg flytte inn i kvar si leilegheit.
Drift og vedlikehald av bygningane er i dag burettslaget sitt ansvar. Kommunen står berre for tenestene til bebuarane.
Finansiering
Sidan kommunen stod som byggherre, fekk prosjektet både investeringstilskot frå Husbanken og momskompensasjon frå Skatteetaten. Dette reduserte kostnadene med meir enn 50 prosent, noko som var avgjerande for at bebuarane kunne kjøpe seg inn i burettslaget.
Kvar leilegheit kosta til slutt litt under 1,5 millionar kroner for kvar bebuar. Bebuarane fekk finansiere bustaden med startlån frå kommunen, private lån og oppsparte midlar.
Reknestykket så grovt rekna slik ut:
- Tomt og byggekostnader: 34 millionar kroner
- Investeringstilskot: 13,4 millionar kroner
- Momskompensasjon: 6 millionar kroner
Kvardagagsliv og fasilitetar
I Felles framtid er viktig å ha ein god balanse mellom privatliv og fellesskap. Bebuarane bestemmer sjølve om dei vil oppsøke fellesareal og delta i aktivitetar.
Fellesareal finst både inne og ute. Kjøkkenet inviterer til samling rundt bordet og felles måltid, og i stova kan bebuarane sjå på tv saman. Ute har dei hage med drivhus og moglegheit for ulike aktivitetar.
Fysisk aktivitet og eit sunt kosthald er viktig. Bebuarane og personalet er på turar til fots eller på sykkel i nærområdet. Og dei bruker burettslaget sin eigen minibuss for å kome seg lengre av garde på ulike utflukter og aktivitetar, enten alle saman eller i ei mindre gruppe.
Matvarer blir handla inn til felles måltid. Ein ernæringsfysiolog har hjelpt med å planlegge næringsrike og gode matrettar. På denne måten forsøker personalet og føresette etter beste evne å motarbeide ulike livsstilsutfordringar som kan oppstå.
Felles framtid skal vere ein god og trygg stad å bu. Bebuarane flytta inn mens dei var unge, og mange vil kunne bli buande her store delar av livet, til dei eventuelt får behov for andre omsorgstenester. I dag er Felles framtid ein stad for fellesskap og livsglede som både bebuarar, føresette og tilsette er svært fornøgde med.
Tips til andre
- Foreldre som har ønske om å etablere burettslag til barna sine bør begynne tidleg. Prosjekt som dette tek tid.
- Vêr tolmodig, sjølv om kommuneadministrasjon og politikarar kanskje er negative i byrjinga.
Les meir
Rettleiing til bustader for personar med utviklingshemming
Personar med nedsett funksjonsevne skal kunne bu like godt som andre