Fire kommunar i Troms satsar på energisparing
Dyrøy er ein av fire kommunar i Troms som fekk tilskot til energitiltak i 2023 for å oppgradere 14 omsorgsbustader. Lavangen, Senja og Lyngen er dei andre kommunane som har fått tilskot. Totalt har 89 kommunale bustader blitt oppgraderte ved hjelp av tilskot på til saman 15,2 millionar kroner. Oppgraderingane har gitt ei samla årleg energisparing på 305 535 kilowattimar (kWt).
![]() |
Tre av rekkjehusa i Dyrøytunet som har blitt oppgraderte. Foto: Dyrøy kommune |
Resultat
- Dyrøy kommune: har rehabilitert ni omsorgsbustader/sjukeheimsplassar (rekkjehus) og fem utleigeleilegheiter. Forventa energisparing på 75 000 kWt i året.
- Senja kommune: oppgradering av 41 utleigebustader. Forventa energisparing på 94 600 kWt i året.
- Lavangen kommune: oppgradering av 22 omsorgsbustader/sjukeheimsplassar og éin utleigebustad. Forventa energisparing på 133 655 kWt i året.
- Lyngen kommune: har skifta vindauge i ti utleigebustader. Forventa energisparing på 2 280 kWt i året.
Bakgrunn
Dyrøy kommune har alltid nytta seg av tilbod frå Husbanken og moglegheitene som kjem med tilskotsordningane. Dei følgjer nøye med på nye støtteordningar, og søkjer så snart det let seg gjere. Som mange andre kommunar i Noreg har Dyrøy ein eldre bustadmasse. Mange av bustadene vart bygde på 1980- og tidleg 90-talet. Kommunen har ikkje hatt økonomi til å oppgradere desse til dagens standard for isolasjon, vindauge og dører. Då det nye energitilskotet kom, vart det eit stort høve til å både forlenge levetida på bustadene, forbetre inneklimaet og auke trivselen for bebuarane.Mål og målgruppe
Målet har vore å redusere energiforbruket og forbetre inneklimaet for bebuarane i kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Målgruppa er eldre og vanskelegstilte på bustadmarknaden.Beskriving av prosessane
Dyrøy kommune har skifta vindauge, etterisolert yttertak og ytterveggar i 14 omsorgsbustader fordelte på ni rekkjehus og fem leilegheiter. For dette fekk dei til saman 3,7 millionar kroner i tilskot til energitiltak, med ei estimert energisparing på totalt 75 000 kWt i året.
Kommunen har fått tilbakemeldingar på at inneklimaet i bustadene har blitt mykje betre; bebuarane klagar verken på dårleg luft eller kulderas. At tiltaka har ført til auka livskvalitet for bebuarane, er noko kommunen er svært opptatt av. Der ein tidlegare måtte ha panelomnar på maks i alle rom, opplever ein no ofte at fjernvarmen i golvet klarer å varme opp romma, samtidig som bustaden held betre på varmen. Tilskotet gjer det mogleg for kommunen å gjennomføre tiltaka dei ønsker raskare.
Senja kommune har oppgradert 43 utleigebustader i ulik storleik. 28 av dei har fått nye vindauge, etterisolerte yttertak og ytterveggar. Tre rekkjehus har fått etterisolert ytterveggane og nye vindauge, medan tolv andre bustader har fått skifta vindauge. Husbanken har gitt til saman 7,3 millionar kroner i tilskot, og energisparinga er på 94 596 kWt per år.
Lavangen kommune har skifta vindauge og etterisolert ytterveggane på Lavangsheimen, som har 22 sjukeheimsplassar. Dei har òg skifta vindauge i ein enkel kommunal utleigebustad. Til dette fekk kommunen til saman 3,8 millionar kroner i tilskot med ei årleg estimert energisparing på 133 655 kWt.
Lyngen kommune har skifta vindauge i ti kommunale utleigebustader (småhus). Dei fekk 438 900 kroner i tilskot og vil spare 2280 kWt i året.
Finansiering
- Dyrøy har fått tilskot til energitiltak på 3,7 millionar kroner.
- Senja har fått tilskot på 7,3 millionar kroner.
- Lavangen har fått tilskot på 3,8 millionar kroner.
- Lyngen har fått tilskot på 438 900 kroner.
Lenke
Les meir og søk om Husbanken sitt tilskot til energitiltak i kommunale bustader
Vidareføring
Sjølv om nye vilkår frå 2024 krev at kommunen sjølv må dekkje halvparten av utgiftene til oppgraderingstiltak, har Dyrøy søkt om tilskot for dei resterande kommunale bustadene. Kommunen sparer femti prosent av utgiftene på tiltak dei uansett må gjennomføre, og får utført arbeida mykje raskare. I neste omgang blir det bustader for ordinære leigetakarar.