Tilskot til energitiltak i kommunale bustader
Tilskotet skal gå til tiltak som minskar behov for energi i kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.
Tilskotet skal gå til tiltak som minskar behov for energi i kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.
Tilskotet er ei vidareføring av Enova si støtteordning til energitiltak i kommunale bustader. Målet med tilskotet er at dei som leiger bustad av kommunen skal få lågare utgifter til kjøpt energi og ei permanent forbetring av bygget dei bur i.
Ramma for tilskot til energitiltak i kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar er brukt opp for 2023, og Husbanken vil derfor gi avslag på søknader. Ta kontakt med ditt regionkontor om du har spørsmål.
Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer behov for kjøpt energi og til tiltak som produserer eigen, fornybar energi.
Kommunen kan få tilskot til desse tiltaka:
Her kan du utforske kva kommunen kan få i tilskot i 2023 (Excel). Kalkulatoren gir ei førebels utrekning som kan brukast i budsjettprosessen til kommunen.
Kommunen søker om tilskot på vanleg måte via Husbankens e-søknadsløysing og ID-porten. Det er kommunen sjølv som tildeler rolle for å kunne søke. Tilgangen som kommunen gir må knyttas mot «Lån og tilskotstenester i Husbanken».
Kommunar som søker om tilskot til både omsorgsbustader og sjukeheimar, må sende inn to separate søknader.
Kommunen kan søke Husbanken om utbetaling av tilskot når tiltaka i prosjektet er gjennomført og dokumentert. Fristen for å søke om utbetaling er 1.12.2023.
Bruk dette skjemaet for å søke om utbetaling: