Omfattande energioppgradering på Dovre
Dovre kommune var klare då Husbanken opna den nye tilskotsordninga for energitiltak i februar 2023. I løpet av eit halvt år oppgraderte dei totalt 95 bustader med ein forventa energigevinst på 700 000 kilowattimar i året.
Bakgrunn
Dovre kommune hadde fleire eldre kommunale bustader og ein sjukeheim med høgt energiforbruk. Fleire av bustadene trong oppgradering for å betre komforten og redusere oppvarmingskostnadene. I 2023 søkte dei derfor om tilskot til energitiltak frå Husbanken.
Resultat
- 46 kommunale utleigebustader og ein sjukeheim med 49 plassar blei oppgraderte
- Ytterveggar og kaldloft blei etterisolerte
- Vindauge blei bytte ut
- Solcelleanlegg blei installerte
- Redusert energiforbruk: totalt cirka 700 000 kilowattimar per år
Mål og målgruppe
Målgruppa for tiltaka var dei som bur i dei kommunale utleigebustadene og på sjukeheimen.
Beskriving av prosessen
Dovre kommune var godt førebudd då Husbanken opna den nye tilskotsordninga for energitiltak i februar 2023. Kommunen søkte om å oppgradere bygningskroppen på 46 kommunale utleigebustader og ein sjukeheim med 49 plassar fordelt på ulike prosjekt. Dovre var den kommunen med flest tiltak i 2023. Tida var knapp, men alt vart ferdigstilt innan 1. desember same år takka vere god planlegging.
Ein klassisk søknadsprosess inneheld følgjande steg:
- Kartleggje energiforbruk og oppgraderingsbehov
- Lyse ut anbod på totaloppdrag eller varekjøp på Doffin
- Setje av vedlikehaldsmidlar eller søkje om lån til oppgraderinga
- Søkje Husbanken om tilsegn for føremål, bustadtype og tiltak
- Utføre arbeidet innan avtalt frist
- Søkje Husbanken om utbetaling etter ferdigstilling og sluttrekneskap
Finansiering
Dovre kommune sende inn to søknadar og fekk totalt 20 millionar kroner i tilskot til energitiltak frå Husbanken i 2023.
Lenker
Les meir om Husbanken sitt tilskot til energitiltak i kommunale bustader
Tips til andre
- Ha ei tiltaksliste og eit budsjett klart når søknaden opnar hos Husbanken.
- Abonner på Husbanken sitt nyheitsbrev for å få varsel om søknadsopning.
Vidareføring
Frå 2024 kan Husbanken dekkje inntil 50 prosent av prosjektkostnadene, og kommunane får meir tid til å gjennomføre arbeidet. Søknaden opna i mai 2024, og prosjekta skal vere ferdigstilte innan utgangen av 2025.