Omfattande energioppgradering på Dovre

Dovre kommune var klare då Husbanken opna den nye tilskotsordninga for energitiltak i februar 2023. I løpet av eit halvt år oppgraderte dei totalt 95 bustader med ein forventa energigevinst på 700 000 kilowattimar i året.

Kommunenavn: Dovre
Kommunestørrelse: Liten
Oppgradert utleiebolig. To gråmalte rekkehus med terrasse og grønn plen. Solceller på taket.
To av dei 46 kommunale utleigebustadene på Dovre som har blitt etterisolerte, fått nye ytterdører, vindauge og solceller. Foto: Dovre kommune

Bakgrunn

Dovre kommune hadde fleire eldre kommunale bustader og ein sjukeheim med høgt energiforbruk. Fleire av bustadene trong oppgradering for å betre komforten og redusere oppvarmingskostnadene. I 2023 søkte dei derfor om tilskot til energitiltak frå Husbanken.

Resultat

  • 46 kommunale utleigebustader og ein sjukeheim med 49 plassar blei oppgraderte
  • Ytterveggar og kaldloft blei etterisolerte
  • Vindauge blei bytte ut
  • Solcelleanlegg blei installerte
  • Redusert energiforbruk: totalt cirka 700 000 kilowattimar per år

Mål og målgruppe

Målgruppa for tiltaka var dei som bur i dei kommunale utleigebustadene og på sjukeheimen.

Beskriving av prosessen

Dovre kommune var godt førebudd då Husbanken opna den nye tilskotsordninga for energitiltak i februar 2023. Kommunen søkte om å oppgradere bygningskroppen på 46 kommunale utleigebustader og ein sjukeheim med 49 plassar fordelt på ulike prosjekt. Dovre var den kommunen med flest tiltak i 2023. Tida var knapp, men alt vart ferdigstilt innan 1. desember same år takka vere god planlegging.

Ein klassisk søknadsprosess inneheld følgjande steg:

  • Kartleggje energiforbruk og oppgraderingsbehov
  • Lyse ut anbod på totaloppdrag eller varekjøp på Doffin
  • Setje av vedlikehaldsmidlar eller søkje om lån til oppgraderinga
  • Søkje Husbanken om tilsegn for føremål, bustadtype og tiltak
  • Utføre arbeidet innan avtalt frist
  • Søkje Husbanken om utbetaling etter ferdigstilling og sluttrekneskap

Finansiering

Dovre kommune sende inn to søknadar og fekk totalt 20 millionar kroner i tilskot til energitiltak frå Husbanken i 2023.

Lenker

Les meir om Husbanken sitt tilskot til energitiltak i kommunale bustader

Tips til andre

Vidareføring

Frå 2024 kan Husbanken dekkje inntil 50 prosent av prosjektkostnadene, og kommunane får meir tid til å gjennomføre arbeidet. Søknaden opna i mai 2024, og prosjekta skal vere ferdigstilte innan utgangen av 2025.