Frøya bygde 260 bustader på 15 år

Etter mange år med nedgang i folketalet, har talet på fastbuande på Frøya auka med over 1200 innbyggarar frå 2006 til 2023. I om lag same periode har kommunen bidrege til at 260 nye bustader er bygde. Eldre har flytta til moderne leilegheiter i sentrum, medan unge familiar har overteke einebustadene, noko som har skapt ei positiv flyttekjede.

Bakgrunn

I 2024 bur det drygt 5200 frøyværingar på øya ved innseglinga til Trondheimsfjorden. For berre 15 år sidan talde kommunen rundt 4000 innbyggarar, og trenden var nedgåande. 30 prosent av innbyggarane er arbeidsinnvandrarar.

Frøya har hatt litt flaks med næringsutviklinga i kommunen sidan den gong. Havbruksnæringa er fundamentet i lokalsamfunnet. Og dei største arbeidsplassane på øya har bidrege til å skape aktivitet både i og utanfor arbeidstida etter kvart som dei har vakse.

Mange av dei som jobbar ved SalMar og Måsøval er arbeidsinnvandrarar frå andre land. Desse treng ein stad å bu, ofte midlertidig i starten, deretter permanent. Når dei store arbeidsgivarane på øya ønsker faste tilsette og langtidskontraktar, blir det enklare å drive med bustadutvikling både for kommunen og byggebransjen.

Nokre av resultata

Mål og målgruppe

Kommunen har bygd bustader til store delar av befolkninga dei siste åra. Den største gruppa er arbeidsinnvandrarar, men det er òg ein del eldre, familiar og personar med utviklingshemming som har flytta inn i nye bustader.

Suksesskriterium

Kommunen har jobba aktivt og målretta med både nærings- og bustadutvikling. Engasjerte medarbeidarar og leiarar har vore flinke til å

Finansiering

Kommunen har brukt handlingsrommet i startlånet på følgande måte:

I tillegg har Frøya kommune og den lokale byggebransjen utnytta moglegheitene som ligg i investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheim og lån til utleigebustader gjennom tilvisingsavtalar.

Lenker

Meir info om livsgledeheimen Frøya helsetun

Slik blir ein tilsynsavtale til

Startlånet har eit stort moglegheitsrom, sjå mellom anna kapittel 2.2 i rettleiaren

Vidareføring av arbeidet

Kommunen sitt engasjement i bustadpolitikken har ført til at fleire utbyggarar har teke kontakt for å realisere bustader gjennom offentleg-privat samarbeid (OPS).

Ein lokal utbyggar har kjøpt ei einebustadtomt på Nordskag i gangavstand til SalMar og oppvekstsenteret. Dei skal omregulere tomta til blokkbusetnad for utleige på 25 kvadratmeter kvar. Bygginga er vedteken, men ikkje starta per juni 2024.

Kommunen er i ein prosess for å skaffe til vegar nye og meir eigna bustader til menneske med rus og psykiatrilidingar (ROP-gruppa). Det er gjennomført eit moglegheitsstudium for tomt og utforming av bustader i tun, inkludert personalbase. Prosjektet blir forventa ferdigstilt i 2025.