Bakgrunn
I 2024 bur det drygt 5200 frøyværingar på øya ved innseglinga til Trondheimsfjorden. For berre 15 år sidan talde kommunen rundt 4000 innbyggarar, og trenden var nedgåande. 30 prsent av innbyggarane er arbeidsinnvandrarar.
Frøya har hatt litt flaks med næringsutviklinga i kommunen sidan den gong. Havbruksnæringa er fundamentet i lokalsamfunnet. Og dei største arbeidsplassane på øya har bidrege til å skape aktivitet både i og utanfor arbeidstida etter kvart som dei har vakse.
Mange av dei som jobbar ved SalMar og Måsøval er arbeidsinnvandrarar frå andre land. Desse treng ein stad å bu, ofte midlertidig i starten, deretter permanent. Når dei store arbeidsgivarane på øya ønsker faste tilsette og langtidskontraktar, blir det enklare å drive med bustadutvikling både for kommunen og byggebransjen.
Nokre av resultata
- Det har blitt bygd meir enn 260 nye bustader dei siste 15 åra.
- Mellom 2021 og 2023 utbetalte kommunen over 95 millionar kroner i startlån.
- Eldre har flytta inn i tilrettelagde leilegheiter i sentrum, medan familiar har kome seg inn på bustadmarknaden ved å kjøpe dei eldre sine bustader rundt om i kommunen.
- Frøya helsetun med 28 plassar og to bufellesskap, begge med 24 plassar, stod ferdig på Sistranda i 2022.
- Den gamle sjukeheimen i Hamarvika vart ombygd til 46 «rekrutteringsleilegheiter» til leige og energioppgradert i løpet av 2024.
- Frøya har totalt 176 kommunale bustader per 2024, inkludert 24 bustader til flyktningar.
- Eit nytt bufellesskap for unge vaksne med funksjonsnedsetting blir ferdigstilt i 2024.
- Den gamle sjukeheimen på Hamarvik som blir bygd om til 46 utleigebustader for rekruttering, vil òg stå ferdig i løpet av 2024. Leilegheitene varierer i storleik frå 19 til 76 kvadratmeter. Bygget har fått nye vindauge, tre energibrønnar, nye varmepumper og ventilasjonsanlegg som til saman har redusert energibehovet med over 60 prosent.
Mål og målgruppe
Kommunen har bygd bustader til store delar av befolkninga dei siste åra. Den største gruppa er arbeidsinnvandrarar, men det er òg ein del eldre, familiar og personar med utviklingshemming som har flytta inn i nye bustader.
Suksesskriterium
Kommunen har jobba aktivt og målretta med både nærings- og bustadutvikling. Engasjerte medarbeidarar og leiarar har vore flinke til å
- arbeide planmessig med bustadsosial handlingsplan og regulering av bustadtomter i sentrale område.
- dekke næringslivet sitt behov for bustader, mellom anna gjennom utleigebustader
- legge til rette for rekruttering med bustader og stillingar i kommunen med økonomisk insentiv
- kartleggje behov for startlån gjennom dialog med leigetakarar i kommunale bustader.
- utnytte moglegheitene i dei økonomiske verkemidla og bruke kunnskapen frå Husbanken
- bruke startlånet aktivt
Finansiering
Kommunen har brukt handlingsrommet i startlånet på følgande måte:
- Toppfinansiering til arbeidsinnvandrarar som manglar eigenkapital
- Refinansiere lån til noverande bebuarar med svak økonomi
- Bruke unntaksreglane, spesielt punktet om å behalde arbeidskraft
I tillegg har Frøya kommune og den lokale byggebransjen utnytta moglegheitene som ligg i investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheim og lån til utleigebustader gjennom tilvisingsavtalar.
Lenker
Meir info om livsgledeheimen Frøya helsetun
Slik blir ein tilsynsavtale til
Startlånet har eit stort moglegheitsrom, sjå mellom anna kapittel 2.2 i rettleiaren
Vidareføring av arbeidet
Kommunen sitt engasjement i bustadpolitikken har ført til at fleire utbyggarar har teke kontakt for å realisere bustader gjennom offentleg-privat samarbeid (OPS).
Ein lokal utbyggar har kjøpt ei einebustadtomt på Nordskag i gangavstand til SalMar og oppvekstsenteret. Dei skal omregulere tomta til blokkbusetnad for utleige på 25 kvadratmeter kvar. Bygginga er vedteken, men ikkje starta per juni 2024.
Kommunen er i ein prosess for å skaffe til vegar nye og meir eigna bustader til menneske med rus og psykiatrilidingar (ROP-gruppa). Det er gjennomført eit moglegheitsstudium for tomt og utforming av bustader i tun, inkludert personalbase. Prosjektet blir forventa ferdigstilt i 2025.