Samfunnsoppdrag og mål

Husbanken skal førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, bidra til fleire kan skaffe og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i det bustadpolitiske arbeidet deira.

Det overordna målet med bustadpolitikken er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad, uansett kvar i landet dei bur. Dette vart slått fast i stortingsmeldinga om bustadpolitikken (Bustadmeldinga), som vart fremja og vedteken i Stortinget i 2024. Samtidig fekk Husbanken eit fornya samfunnsoppdrag. Bustadmeldinga (regjeringen.no)

Vanskelegstilte på bustadmarknaden har førsteprioritet i Husbanken sitt arbeid. Dette er eit grunnleggjande premiss for dei delmåla som Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt Husbanken:

  1. Fleire skal få høve til å eige eigen bustad.
  2. Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg.
  3. Støtte kommunane i deira heilskaplege bustadpolitiske arbeid.
  4. Forsterka innsats for dei som sjølv ikkje klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad.

Husbanken samarbeider med kommunane, frivillig sektor og byggsektoren ved å tilby ulike økonomiske verkemiddel, utvikle kunnskap og overføre kompetanse. Husbanken sitt nye samfunnsoppdrag inneber òg ei styrkt nasjonal kunnskapsrolle, der målet er å gi betre innsikt i kva som skal til for å utvikle og gjennomføre bustadpolitikken både lokalt og nasjonalt.

Husbanken er fagleg rådgjevar for fleire departement: Kommunal- og distriktsdepartementet, Energidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Dette inneber å utarbeide analysar og forslag til vidare utvikling av politikken innanfor kvart av desse departementa sine ansvarsområde.

Tildelingsbrevet

Det årlege tildelingsbrevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) set økonomiske rammer og mål for Husbanken si verksemd det komande året. I tildelingsbrevet ligg også oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Energidepartementet og Barne- og familiedepartementet.

Tildelingsbrev 2025 - Husbanken (PDF, regjeringen.no)

Andre styrande dokument

Statsbudsjettet for 2025 (regjeringen.no) 

Hovudinstruks for Husbanken (regjeringen.no)