Rettleiar for kommunar: Tilskot til utgreiing og prosjektering

Søknader om tilskot til utgreiing og prosjektering blir behandla av kommunane. Her får du som saksbehandlar i kommunen rettleiing i prosessen. 

Kommunane bør gjennom sin kontakt med søkar  ha ei aktiv rolle i å avdekke behov og gje råd om mogelege løysingar. Tilskot til utgreiing og prosjektering bør sjåast i samanheng med tilskot til tilpassing.

Tilskot til utgreiing og prosjektering bidreg til å:

  • greie ut og kartlegge kva for mogelegheiter og avgrensingar som finst når det gjeld tilpassing av bustader
  • finne gode og varige løysingar tilpassa den enkelte sine behov ved nedsett funksjonsevne
  • finne gode løysingar til nøkterne kostnader
  • auke tilgjengelegheita i bustadmassen

Tilskot kan bli gitt til husstandar der enkeltpersonar har behov for tilpassa bustad. Tilskotet kan òg bli gitt til eldre som treng  å tilpasse bustaden for å kunne bli buande heime ved eit framtidig behov for tilpassa bustad.

Tilskot til utgreiing kan nyttast til å kartleggje følgjande forhold:

  • Mogelegheit og avgrensingar i eksisterande bustad
  • Uteområde og tilkome
  • Tilgjengelegheit inne
  • Arealbehov
  • Innreiing og fungerande tilstand
  • Om brukar har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen

Tilskot til prosjektering kan vere til dekning av kostnader til fagleg bistand til prosjektering, det vil si honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.

Det er opp til kommunen å vurdere om tilskot skal givast og kor stor utmålinga av tilskotet skal vere.

  • Tilskota kan vere økonomisk behovsprøvd.
  • Tilskot til utgreiing og eventuelt prosjektering bør sjåast i samanheng med tilskot til tilpassing

Det er svært viktig at kommunane brukar handlingsrommet som finst i dei økonomiske verkemidla slik at sakene kan løysast på best mogeleg måte. Å søkje tilskot og lån, samt å gjennomføre ei tilpassing, kan for mange vere så krevjande at dei treng  hjelp frå kommunen, annan fagperson eller pårørande. Det er avgjerande at brukar får god og riktig informasjon på eit tidleg tidspunkt.

Utgreiing og prosjektering skal utførast av en fagkyndig person, som ein arkitekt, byggmeister eller liknande.

Nokre tips før ein engasjerer fagkyndig

Når innbyggarar skal velje arkitekt, byggmeister eller annan fagperson som skal hjelpe med å greie ut mogelegheiter for tilpassing av bustaden sin og eventuell prosjektering i etterkant, bør følgjande bli avklart før partane inngår avtale. Dette gjeld særleg om arbeida er omfattande:

  • om fagpersonen har erfaring med å planleggje tilpassing av bustad til spesielt behov
  • om fagpersonen har nokon referanseprosjekt å vise til
  • omfanget og tidsbruk av både utgreiing og prosjektering
  • kostnad for både utgreiing og prosjektering.

Når innbyggaren skal inngå avtale om prosjektering, er det vanleg at arkitekten/fagpersonen stadfestar oppdraget skriftleg. Stadfestinga skal vise kva som er avtalt og bør omtale prosjektet sin art, storleik, mogeleg omfang av oppdraget og skal angi dei førebelse vilkåra for å utføre oppdraget.

Søknad og saksgang

Husbanken har laga eit enkelt søknadsskjema for tilskota. I dei tilfella kommunen skal innvilge tilskot til tilpassing til å gjennomføre sjølve tiltaket, kan kostnadene til utgreiing og/eller prosjektering "bakast inn"  i sjølve tilpassingstilskotet. Tilskot til tilpassing behandlast i saksbehandlingsverktøyet Startskudd.

Last ned:

Søknadskjema for tilskot til utgreiing og prosjektering - bokmål (PDF)

Kommunane bør, gjennom sin kontakt med søkjar/brukar og sin kompetanse på bustadtilpassing, spele ei aktiv rolle i å avdekkje behov, gi råd om mogelege løysingar og gi mogeleg bistand til dei som treng hjelp og finansiering ved behov for tilrettelagt bustad. 

Kommunen kan bruke stor grad av skjøn i saksbehandlinga og ved sine vedtak i søknadene. Kommunen kan likevel ikkje behandle søkjarar ulikt, avgjersla er omfatta av saksbehandlingsreglane i forvaltningslova om enkeltvedtak og høve til å klage.

Ei undersøking og prosjektering på førehand av mogelege løysingar i ein bustad vil kunne betre kvaliteten på den fysiske tilpassinga og auke effekten ved tilskot til tilpassing.

Tilsegn er stadfesting på at tilskot er innvilga og skal innehalde tilskotsbeløp, kor lenge tilsegna er gyldig og føresetnadene for å få tilskotet utbetalt. 

Avslag sendast der søknad ikkje blir imøtekomen. Avslag er enkeltvedtak som skal grunngjevast og kan klagast på, jamfør Forvaltningslova § 28.

Eksempel på brev om tilsegn og avslag som kommunen kan bruke: 

Mal for kommunalt tilsegnsbrev (Word)

Mal for kommunalt avslagsbrev (Word)

Kommunen sitt vedtak skal vere skriftleg og må innehalde opplysningar om høve til å klage på kommunale vedtak. Det kan klagast på tildeling, utmåling, avvising og avslag etter reglar i forvaltningslova. Klagen skal sendast kommunen.

Dersom tilskot til utgreiing og prosjektering inngår som ein del av tilskot til tilpassing av bustad og kostnadene overstige 40 000 kroner, bør det krevjast pant i bustaden eller heimelsdokumentet til bustaden til sikkerheit for eventuelt krav om tilbakebetaling av tilskot.

Kommunen må sjølv syte for nødvendig sikkerheit og kan velje andre reglar for sikkerheit.

Kommunen utbetalar tilskotet når utgreiings-/prosjekteringsarbeidet er utført. Mottakar av  tilskotet  må da sende inn følgjande dokumentasjon:

  • spesifisert rekning
  • teikningar og kort rapport om utgreiinga frå arkitekt eller fagkyndig

Nyttig informasjon

kunnskapsbanken.net finn du meir informasjon frå NAV Hjelpemiddelsentral om tilrettelegging av bustader.