Kommunale bustadtilskot for privatpersonar

Det er ei kommunal oppgåve å gi økonomisk hjelp til bustadetablering og bustadtilpassing. Her får du rettleiing til behandling av søknader om tilskot til etablering, tilpassing, utgreiing og prosjektering.

Tilskot bidreg til at eldre og personar med nedsett funksjonsevne kan få tilpassa bustaden sin, slik at dei kan fortsette å bu heime, og at husstandar med lav inntekt også kan bli bustadeigarar.

Det er opp til kvar enkelt kommune å avgjere om dei skal gi tilskot, og kor stor utmålinga av tilskotet skal vere. Tilskotet kan bli gitt aleine, eller saman med startlån. Når kommunen gir startlån med lang nedbetalingstid og eventuell avdragsfridom, kan behovet for tilskot i kvar enkelt sak blir redusert.

Tilskotsordninga skal bidra til at barnefamiliar og andre vanskelegstilte med låg og/eller usikker inntekt kan kjøpe bustad.
Tilskotsordninga skal bidra til at personar med nedsett funksjonsevne, får gjort nødvendige tilpassingar slik at dei fortsatt kan bu heime.
Tilskotsordninga skal bidra til å finne gode og varige løysingar tilpassa den enkelte sine behov ved nedsett funksjonsevne.