Opplysninger om inntekt og formue
Grunnlaget for omrekning av inntekt jamfør § 7, er inntekta og formuen til alle medlemane i husstanden, med nokre unnatak. Inntekta og formuen til barn under 18 år teller ikkje med når dei ikkje sjølv er hovudsøkjar. Inntekta til vaksne under 20 år teller ikkje med når dei ikkje sjølv er hovudsøkjar.
Opplysingar om inntekt blir henta inn frå Skatteetaten kvar månad på bakgrunn av tal frå a-ordninga, jamfør lov 22. juni 2012 nr. 43 om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer.
I tillegg må søkjaren gje opplysningar om skattbar inntekt og formue som ikkje blir henta inn frå a-ordninga, som til dømes næringsinntekter, kapitalinntekter og formue for heile året. Om ikkje søkjar gjev slike opplysningar, kan Husbanken stipulere tal på grunnlag av siste fastsetting av formues- og inntektsskatt (eventuelt etter korrigering frå skattekontoret, jamfør lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) kapittel 12). Slike inntekter skal reknast som likt fordelt gjennom heile året, med mindre særlege omstende gjev grunnlag for unnatak.
Husbanken kan sjå bort i frå opplysningar etter a-ordninga, dersom dei openbert ikkje er korrekte.
Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt.
All inntekt og formue i eller frå utlandet blir rekna med brutto beløp i norske kroner.
Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 6 497 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.
Dersom søkjaren kan dokumentere at det er teke refusjon i etterbetaling frå NAV skal refusjonen ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte.
Etterbetalingar av G-regulerte ytingar frå NAV eller frå kommunen som gjeld mai og som vert utbetalt i juni, skal ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte for juni. Dersom søkjaren gjennom ein klage gjer Husbanken merksam på at etterbetalingar for mai som kjem frå andre kjelder eller i seinare månader, skuldast trygdeoppgjeret, kan Husbanken sjå bort frå desse etterbetalingane.
(Forskrift om bustøtte § 5)