Overgangsordninger
Mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009 skal ikkje få mindre utbetalt som følgje av endra bustøttereglar frå 1. juli 2009.
Overgangsordninga etter første ledd gjeld ikkje dersom den omrekna inntekta til husstanden blir høgare enn den høgste av den øvre inntektsgrensa for å få bustøtte i juni 2009 og den til kvar tid gjeldande øvre inntektsgrense for å motta bustøtte, med mindre årsaka er etterbetalt trygd som følgje av regulering av grunnbeløpet G.
For andre enn unge uføre, jamfør § 4 siste ledd, blir overgangsordninga trappa ned med 20 prosentpoeng kvart år over fem år frå og med 1. juli 2010.
§ 13 om minste utbetaling gjeld òg for overgangsordningane.
(Forskrift om bustøtte § 17)
Denne overgangsordning gjelder mottakere som fikk reduksjon i bostøtte som følge av en omlegging i regelverket i 2009.
Overgangsordningen gjelder bare for bostøttemottakere som har status ung ufør (jamfør folketrygdloven § 12-13). Dersom de flytter, husstandens sammensetning endrer seg, eller de kommer over øvre inntektsgrense for å kunne motta bostøtte mister de retten til overgangsordningen.
Overgangsordning som følge av uførereformen fra januar 2015
Personar som var del av ein husstand som fekk utbetalt bustøtte for desember 2014, og som då fekk ytingar etter folketrygdlova kapittel 12, skal ha eit frådrag i inntekta så lenge dei får slike ytingar. Det blir først fastsett eit årsbeløp som svarer til dei ytingane vedkomande hadde per 1. desember 2014 og som gjekk inn i grunnlaget for uføretrygd etter forskrift 3. juli 2014 nr. 947 om omrekning av uførepensjon til uføretrygd. Deretter blir det rekna ut eit årsbeløp som svarer til uføretrygda per 1. januar 2015. Frådraget i inntekta skal svare til differansen mellom dei to beløpa med eit tillegg på 3,43 prosent av denne differansen.
(Forskrift om bustøtte §8)
Overgangsordningen gjelder kun for husstander som mottok bostøtte for desember 2014, og en eller flere er uføretrygdet. Tiltakene følger den uføre og gjelder selv om den uføre skulle flytte i løpet av perioden.