Bevaringsverdige bygg blei oppgraderte studentbustader
På Rommetveit i Stord kommune har studentsamskipnaden ferdigstilt eit bustadprosjekt, der tre verneverdige bygg har blitt oppgradert til 64 studenthyblar i bufellesskap.
På Rommetveit i Stord kommune har studentsamskipnaden ferdigstilt eit bustadprosjekt, der tre verneverdige bygg har blitt oppgradert til 64 studenthyblar i bufellesskap.
Rommetveit studentheim ligg i nærleik av Høgskolen på Vestlandet (HVL) sin campus Stord. Studentheimen er bustad for nærare 150 studentar, og er kjent for sitt sosiale og levande miljø, studentarrangement og studentforeiningar. I nærleiken går det buss til Leirvik, som ligg om lag fem kilometer unna.
På campusen er det felles uteareal rundt bygga, og på baksida av studentheimen ligg studenthuset. Dette kompenserer i stor grad for at opphaldsareala i den renoverte studentheimen er noko mindre enn kva Husbanken anbefaler.
Målgruppa er studentar ved Høgskolen på Vestlandet (HLV). Prosjektet styrker tilbodet av studentbustader i Stord kommune.
Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen) hadde behov for å gjere campus Stord meir attraktiv for dei 1200 studentane og tilsette. Som ein del av eit større utviklingsprosjekt, ønskte dei å rive Rommetveit studentheim og bygge nye hybelbygg i massivtre.
Etter fram og tilbake med kommunen, fekk prosjektet i 2022 innvilga tilskot til å rehabilitere dei eksisterande hybelbygga i Osahaugen 22, 24 og 26, grunna omsyn til bevaring.
Heile studentheimen fekk ei full innvendig renovering. Alt blei riven ned til betongen og innreidd på nytt. Alle hyblane fekk òg eigne bad.
Nokre av studentane har vore med i ei arbeidsgruppe saman med samskipnaden, tilsette og aktuelle samarbeidspartnarar som har planlagt arbeidet med studenthyblane.
Dei totale prosjektkostnadene var 61,1 millionar kroner. Prosjektet har fått Husbankens lån til studentbustader på 40,3 millionar og tilskot til rehabilitering på 20,8 millionar kroner.
Studentsamskipnaden møtte på nokre utfordringar knytt til om dei gamle studenthybelbygga skulle rivast eller rehabiliterast. Husbanken sitt lån og tilskot opnar berre for rehabilitering av eksisterande studentbustader i særlege tilfelle. Med særlege tilfelle blir meint verneverdige og freda bygningar. Dialogen mellom kommunen og samskipnaden enda til slutt med at bygningane var verneverdige, og søknaden om tilskot blei derfor endra.