Samlokaliserte bustadar med døgnbemanning i Melhus kommune

Idrettsveien er eit bu- og tenestetilbod basert på recovery-tenking. Her kan bebuarar leve meiningsfulle, aktive og tilfredsstillande liv, sjølv om dei har helseutfordringar knytt til rus og psykiatri.

Oversiktsbilde av samlokaliserte boliger i Melhus omgitt av skog og jorder

Fakta

Resultat

Bebuarane har vore med på å pusse opp eit stort felles areal med kjøkken som ligg på loftet i bufellesskapet. Her er det lagt til rette for sosialt fellesskap, og loftet blir nytta av både bebuarar i Idrettsveien og andre brukarar som bur i kommunen og som har behov for aktivitet og sosialt fellesskap. Bufellesskapet har også eit uteområde som innbyr til sosiale tiltak, frå hagearbeid til fritidsaktivitetar kjent frå ordinære hagar, slik som badminton, krokket, ballspel, frisbee og så vidare.

I tillegg til dei som bur i Idrettsveien, er det om lag 50 brukarar som bur andre stadar i kommunen som er tilknytt tilbodet. Desse brukarane bur i både kommunale og private bustadar. Dei tilknytte brukarane får bistanden frå ambulerande tenester som er organisert under Idrettsveien burettslag. For å gi eit tilpassa butilbod til denne brukargruppa, gir Melhus kommune også tilbod om brukartilpassa småhus.

Bakgrunn

Melhus kommune har over tid vore opptekne av å gje vanskelegstilte grupper eit heilheitleg bu- og tenestetilbod. Melhus er spesielt opptekne av at kommunen skal ha eit bredt og mangfaldig tilbod med ulike bustadtyper for menneske med samansette rus- og psykiske utfordringar.

Kommunen etablerte Idrettsveien og tok i bruk bu- og tenesteavtalar for å sikre at personar med store og samansette utfordringar skal få eit godt og fleksibelt bu- og tenestetilbod.

Fagmiljøet som jobbar med denne gruppa i Melhus ville involvere og aktivisere bebuarane. Ønsket om å legge til rette for meiningsfulle liv låg til grunn for etableringa av Idrettsveien bufellesskap.

Mål

Idrettsveien bufellesskap skal legge til rette for ein personsentrert prosess for tenestemottakar på vegen mot ei betra psykisk helse. I Idrettsveien skal tenestene leggast opp slik at fagpersonar og familie kan støtte opp under den enkelte bebuar sin recovery-prosess.

Tenesteytarane si haldning til å arbeide med denne bebuargruppa er viktig. Kommunen skal jobbe systematisk og tverrfagleg med både bustadane og dei tilknytte tenestene, slik at det ligg til rette for at tenestemottakarane skal kunne utvikle seg sjølv og få eit betre liv. 

Idrettsveien skal legge til rette for at tenestemottakar opparbeider seg ferdigheiter slik at han eller ho betre kan ta ansvar for eige liv, inkludert sitt eige nettverk og støttepersonar. Idrettsveien nyttar funksjonssirkelen i tenesteytinga. 

Skildring av prosessen

Idrettsveien bufellesskap blei oppretta i 2008. Melhus kommune trong akua oppfølging av personar med psykiske lidingar, og det blei sett opp eit bygg med plass til base og fem leilegheiter.

Etter ein del års drift såg dei tilsette at dei hadde kapasitet til å gi tenester til fleire personar, utan å auke bemanninga. Kommunen hadde eit ledig bustadkompleks som Idrettsveien flytta inn i. Det «nye» bygget er i to etasjar, med base i første etasje midt i bygget. Frå basen er det god utsikt til svalgangane i bygget, og bygget har godkjent kameraovervaking.

Leilegheitene blei oppgraderte med robust kvalitet, men dei er framleis heimekoselege og kvar leilegheit har sitt særpreg. Somme av leilegheitene har høgare sikring mot vasskadar. Eininga tilbyr felles måltid og leveranse av varme måltid, i tillegg har kvar bueining eit lite kjøkken som er stort nok for sjølvhushald. Bebuarane må sjølv skaffe kvitevarer. Bada er utforma og innreda for å redusere suicidalfaren.

Idrettsveien ligg i sentrum av kommunesenteret slik at bebuarane enkelt har tilgang til naudsynte tenester og servicetilbod. Dette legg til rette slik at bebuarane kan delta i samfunnet på lik linje med andre innbyggarar.

Det blir lagt stor vekt på felles aktivitetar og at bebuarane blir involverte i lokalsamfunnet. Mellom anna tilbyr bebuarane hjelp til naboar og lokalmiljø, og dei bidreg til aktivitetar på sjukeheimen. Tenester til andre innbyggarar i Melhus blir organisert og tilbydd via appen NYBY.

Bebuarane er synlege og viser at dei har evne og vilje til å arbeide, noko som fører til at psykisk helse og mindre rusutfordringar opplevast som mindre dramatisk for dei andre innbyggarane i kommunen. Dei som bur og jobbar i Idrettsveien utfører også mindre vedlikehaldsoppdrag for eigedomsavdelinga i kommunen, og leverer mat og drikke til små kommunale arrangement.

I 2020 blei tilbodet i Idrettsveien utvida med tre nye kartleggingsleilegheiter. Desse leilegheitene er på om lag 40 m2 og meint for korttidsopphold på ein til tre månader. Dei brukast til kartlegging og avklaring av kva bo- og tenestetilbod brukarar har behov for. I løpet av opphaldet skal bebuaren få kartlagt buevne, naudsynt tenestenivå og framtidig bustadgjering (om bebuaren har behov for bemanna bustad, ordinær kommunal bustad, privat bustad, og så vidare).

Bu- og tenesteavtale

Bustadane i Idrettsveien blir tildelt bebuarar som har behov for tenestene som er knytt til butilbodet. Bebuarane flytter først inn med bu- og tenesteavtale. Både kommunen og bebuaren kan seie opp denne avtalen utan oppseiinga som er vanleg ved leigekontraktar, dersom buløysinga ikkje fungerer. Dersom butilbodet fungerer for både brukar og tenesteytar, blir det inngått en ordinær tenesteavtale.

Maksimal lengde på ei bu- og tenesteavtale er eitt år. Brukarar som ikkje fungerer i Idrettsveien får eit anna tilpassa butilbod frå kommunen. Bu- og tenesteavtalar sikrar naudsynt fleksibilitet og sikrar at personar med store og samansette utfordringar får eit godt bu- og tenestetilbod som raskt kan justerast og tilpassast brukaren og kommune sine behov.

Brukarmedverknad

Med bakgrunn i at recovery-tanken skal vere fundamentet for butilbodet, har Idrettsveien heilt frå oppstarten hatt brukarrepresentantar, som gir innspel til korleis tenestetilbodet skal vidareutviklast. Gjennom sin recoveryprosess bidreg brukarane heile tida aktivt til å skape innhald i tenestene. Dei bidreg til å utforme tenestetilbodet, utarbeider husreglar, og deltek i månadlege møter med aktivitetsansvarleg i bustaden. Brukaren sin kompetanse blir nytta i planlegging og utføring av aktivitetane.

Brukarmedverknad står sentralt i individuell oppfølging av kvar enkelt bebuar. Personalet brukar funksjonssirkelen og kartlegg saman kva som er dei viktigaste områda saman med brukaren. For bustaden sine tilsette er det viktig at dei kjenner kvar brukar godt, slik at dei kan bruke bebuaren sine eigne ressursar for å gi best mogleg tilpassa oppfølging.

Finansiering

Bygningane som per i dag husar Idrettsveien bufellesskap blei bygd som omsorgsbustadar for eldre på 90-talet. Då kommunen skaffa fleire og nyare omsorgsbustadar, blei bygga frigitt til andre brukargrupper enn eldre. Det blei sett av tre millionar kroner til oppgradering og tilrettelegging, for å gjere bygget både brukar- og tilsettvennleg. I oppgraderingsprosjektet brukte kommunen kunnskap frå prosjektet «Robuste boliger i Melhus kommune» der kommunen saman med SINTEF Byggforsk såg på erfaringar og forsking knytt til materialval i bustadar for denne brukargruppa.

Melhus kommune har gjort kommunestyrevedtak om å sette av eit årleg beløp til finansiering og oppgradering i økonomi- og handlingsplan.

Suksessfaktorar

Utfordringar undervegs

Det har ikkje vore nokre større utfordingar i prosjektet undervegs. Eit premiss for at prosjekt som dette skal lukkast, er at det er forankra i både politisk og administrativ leiing, og at et er sett av midlar til prosjektet i kommunen si økonomi- og handlingsplan slik at dei økonomiske føresetnadane er tilfredsstillande.

Tips til andre

Lenker