Montenegro bu- og lågterskelsenter

Det døgnbemanna senteret har fem omsorgsbustader og ei overgangsleilegheit for personar med utfordingar innan rus og psykiatri. Senteret har også eit lågterskeltilbod som inntil 15 personar med liknande problem kan nytte seg av.

 

Sjå film om Montenegro bu- og lågterskeltilbod

Resultat

Hammerfest kommune fekk ein døgnbemanna omsorgsbustad for seks personar. Det blei også etablert eit dagsenter tilknytt bustaden. Tilbodet opna i 2017.

Bakgrunn

Hammerfest kommune hadde tidlegare fleire større bustadkompleks (8-16 leilegheiter) der målgruppa var personar med rusavhengnad. Desse bustadane var ubemanna og kjent for mykje uro og kriminalitet. Rus- og psykiatritenesta klarte ikkje å kome i posisjon til å hjelpe brukarane. Samstundes mangla kommunen aktivitetstilbod og møteplass for målgruppa.

Gjennom eit eige forprosjekt «Fra stigma til verdighet» og Brukerplan kartla kommunen målgruppa sine hjelpebehov. Kartleggingane viste at kommunen mangla bemanna bustad og møteplassar for målgruppa.

Mål

Montenegro bu- og lågterskeltilbod skal bidra til at brukarar med rusavhengnad oppnår eit godt og verdig liv, med innhald, tryggleik og omsorg, auka energi og livsglede. Brukarane skal kjenne seg velkomne og oppleve at dei har regi over sitt eige liv.

Bustaden skal vere bemanna, tilby eit lågterskel helsetilbod og ha same standard som andre omsorgsbustadar. I tillegg til å innehalde bustadar, skal huset også fungere som ein «vere-stad» og ein sosial møteplass for personar i målgruppa.

Målgruppe

Menneske med dobbeltdiagnose i rus og psykiatri (ROP) og andre som ønsker

Bebuarane er ressurspersonar

«Lavterskelen» er ein stad å kome til, og ein stad der brukarane blir sett og høyrt. Dei får eit varmt måltid og ein god samtale. Dei er ein del av eit fellesskap som lagar tradisjonar og feriar heilagdagar, bursdagar og liknande. Dei får delta i aktivitetar ute som fjellturar, fisketurar, grillturar, kino, bowling, kafébesøk, sykling med meir. Av innandørsaktivitetar er det fellestrening og individuell trening. Senteret tilbyr øyreakupunktur, samtalar og rettleiing. I garasjen kan dei spele bordtennis og snekre. Senteret jobbar for at brukargruppa skal føle seg verdsett og viktig.

Verdigrunnlag

Bebuarane og brukarane skal oppleve seg sjølv som verdifulle menneske med integritet og autonomi. Dei tilsette ser mennesket bak rusen. Dei er opptekne av heile mennesket, fokuserer på ressursar og tankens kraft, og på at livet er her og no.

Senteret har ikkje medikament i bustaden. Dei har husreglar tufta på sosialt aksepterte samfunnsnormer som tek vare på tryggleiken til bebuarar og tilsette. Husreglane har brukarar og bebuarar vore med på å utarbeide heilt frå starten på prosjektet. Sentralt i oppfølginga er bebuarmøta, der bebuarar reflekterer over daglegdagse tema.

Bemanning

Senteret har 10 årsverk, fordelt på 16 personar, inkludert avdelingsleiar.

Samarbeid med andre aktørar

Nabolagsarbeid

Alle i nabolaget blei invitert til ei omvising og informasjonsmøte i bustaden då den var bygd ferdig. Naboane er velkomne til samtalar, og senteret tek i mot tilbakemeldingar.

Sikre brukarmedverknad

I starten av prosjektet inviterte senteret personar i målgruppa til eigne møter. Dette blei veldig uføreseieleg. Etter kvart blei ein brukarorganisasjon etablert i Hammerfest. Representant for denne brukarorganisasjonen deltok regelmessig i prosjektet. Denne brukarorganisasjonen har vore til god hjelp, særleg når det handlar om fagleg innhald i bustaden.

Finansiering

Tips til andre

Les meir

Om Montenegro bu- og lågterskelsenter på nettsida til Hammerfest kommune.