Leige før eige i Gjøvik
Gjøvik kommune jobbar for at barnefamiliar utan eigenkapital skal lukkast med å kjøpe sine eigne bustadar. Familiane får tilbod om å leige bustad i fem år med fast månadleg sparing. Mot slutten får dei moglegheit til å kjøpe bustaden til fastsett pris. Gjøvik boligstiftelse, Gjøvik kommune og Nav Gjøvik har etablert dette tilbodet.
Resultat
- Det er oppført 16 bueiningar fordelt på to bustadfelt. Kvart bustadfelt har to bygg med fire leilegheiter.
- 16 familiar som har vanskar med å kome inn på bustadmarknaden hadde ein femårig leigeavtale med opsjon på kjøp til fastsett pris.
Bakgrunn
Tilbodet er kome i stand med bakgrunn i dagens krav til eigenkapital og den høge prisveksten. Det har blitt vanskeleg for mange barnefamiliar å kjøpe sin eigen bustad. Prisane i leigemarknaden har stege mykje dei siste åra, og det er utfordrande å spare opp eigenkapital ved sidan av husleiga. Mange barnefamiliar opplever dessutan å måtte flytte fleire gongar, og barn må skifte skule og vennemiljø. Andre utfordingar kan vere standarden på utleigebustaden, størrelsen som ikkje er tilpassa behovet, og ofte manglar gode uterom for barna. Det varierer kor godt bumiljøet er, og somme stader oppstår det utfordrande situasjonar.
Bustadprisane i Gjøvik har stege med seks til ti prosent i året, og med NTNU i byen har også prisane i leigemarknaden auka betydeleg. Dette er ei stor utfordring for yngre familiar i etableringsfasen som ikkje har nok eigenkapital til å kunne kjøpe seg bustad. Folketalet i kommunen har også ein negativ tendens, mykje på grunn av det høge prisnivået i kommunen. Mange barnefamiliar flyttar til kommunar med lågare bustadprisar.
Mål og målgruppe
- Gode bumiljø for barnefamiliar som har vanskar med å kome inn på bustadmarknaden.
- Ei økonomisk ramme som gjer det mogleg at barnefamiliane skal kunne spare opp eigenkapital ved sidan av månadleg husleige, i tillegg til at verdistigning i den fem år lange leigeperioden vil gi ytterlegare eigenkapital.
- Redusert risiko for familiane som inngår avtalen. Dei får opsjon på kjøp til fastsett pris og kan tre ut av denne om dei likevel ikkje ønskjer å kjøpe bustaden.
- Bustadane blir organisert som sameige for å leggje til rette for samhald, eit godt bumiljø og for å ta vare på uteområda.
Skildring av prosessen
Steg 1: Anskaffing og prosjektering av tomt
Vedtak i kommunestyret om at Gjøvik kommune skaffar tomt vederlagsfritt. Tomta blei prosjektert for 16 bueiningar. Samarbeid Gjøvik Boligstiftelse saman med Nav Gjøvik og Arealplan i Gjøvik kommune.
Steg 2: Utarbeide anbodsdokument (konkurransegrunnlag).
Konkurransegrunnlaget produserast og kunngjerast på Doffin der dei naudsynte krava til bustadmassen går fram.
Steg 3: Etablering av prosjektgruppe
Formål om å utarbeide, gjennomgå kvalitetssikre og legge fram innstilling for styret i Gjøvik Boligstiftelse som avgjer, og elles samarbeider med Nav Gjøvik og ekstern innleigd jurist.
Steg 4: Bygging av bustadane
Tett oppfølging av Gjøvik Boligstiftelse. To byggefirma blir valde etter anbodsrunde.
Steg 5: Storleik på bustadane
I dette prosjektet er det høvesvis åtte bustadar med 2 soverom og åtte med 3 soverom. I etterkant ser vi at det hovudsakeleg er 3 soverom som blir etterspurd mest.
Steg 6: Kriterium for kven som kan søke blir utarbeidd
IKT i Gjøvik kommune laga elektronisk søknadsskjema.
Steg 7: Kunngjering av prosjektet
Publiserast på Gjøvik Boligstiftelse og Gjøvik kommune sine nettsider. Kontakt med lokal presse for omtale. Formannskap og kommunestyret blir orientert. Førespurnadar frå søkarar må forventast og forbetrast for råd og rettleiing.
Steg 8: Søknadane blir gått gjennom
Synfaring undervegs i bygginga, skrive leigekontrakt med sparing, overtaking og etablere sameige.
Brukarmedverknad
Undervegs i byggeperioden fekk alle som var tildelt bustad moglegheit til å delta på synfaringar. Desse blei gjennomført saman med Gjøvik boligstiftelse og Nav Gjøvik. Entreprenørane var også til stades for å svare på spørsmål.
Finansiering
Byggjelån og finansiering er gjort via Gjøvik boligstiftelses bankforbindelse.
Slik ser reknestykket ut for kvar av bustadtypane.
- Åtte leilegheiter på 68 kvadratmeter med to soverom. Husleige 8000 kroner inkludert 2000 kroner i sparing. Kjøpspris etter fem år er 2,1 millionar kroner.
- Fire leilegheiter på 84 kvadratmeter med tre soverom. Husleige 10 500 kroner inkludert 2500 kroner i sparing. Kjøpspris etter fem år er 2,4 millionar kroner.
- Fire leilegheiter på 107 kvadratmeter med tre soverom. Husleige 11 500 kroner inkludert 3000 kroner sparing. Kjøpspris etter fem år er 3,35 millionar kroner.
Kommunen kjem til å tilby startlån for å finansiere kjøp etter enda leige- og spareperiode.
Suksessfaktorar
- Bustadane som er bygd framstår som heilt ordinære bustadar med god standard.
- Uteområde er opparbeidd.
- Det er ein god miks av barnefamiliar med etnisk norsk og utanlandsk opphav.
- Barnefamiliane som har flytta inn, blir vurdert til å ha moglegheit til å kjøpe bustaden etter fem år.
Tips til andre
- Planlegg det økonomiske oppsettet nøye. For at kvar bustad skulle vere så rimeleg at bebuarane skal kunne spare til eigenkapital medan dei leigde, tok bustadstiftinga nokre val. Prosjektet fekk gratis tomt, og det blei same standard på alle leilegheitene (ingen tilval). Alt dette, saman med ein venta prisauke i bustadmarknaden, gjer at den naudsynte eigenkapitalen vil vere på plass ved utgangen av femårs leigeperioden.
- Eit godt utarbeidd konkurransegrunnlag er viktig for å få gode bustadar med kvalitetar og estetikk som er på høgde med ordinære bustadar. Her er det viktig med gode vektingsgrunnlag for anskaffinga, som gjer det føreseieleg, enkelt og rettferdig å vurdere innkomne anbod.
Lenker
NRK: Unik "leige før eige", 6. mai 2021
Vidareføring av arbeidet
Prosjektet er avslutta, som vil seie at alt er ferdig. Leigetakarane bur med opsjon på å kjøp etter fem år. Gjøvik kommune nyttar framleis same tankegang og prosess i nye prosjekt. Kommunen skal i 2023 jobbe med å vurdere to nye tilsvarande prosjekt, men har ikkje landa på om det skal vere same målgruppe, eller om dei denne gongen skal konsentrere seg om andre grupper.