Foyer Bodø – bustad for vekst!
Foyer Bodø er eit bustadsosialt tilbod til sårbare unge mellom 16 og 25 år som er, eller står i fare for å bli bustadlause, og som har behov for hjelp og rettleiing. Foyer Bodø tilbyr ein trygg bustad med oppfølging frå ein koordinator. Målgruppa for tilbodet er ungdomar som er i kontakt med barnevernet, Nav eller flyktningkontoret i kommunen.
Tilbodet er tilrettelagt den enkelte ungdom gjennom stor grad av brukarmedverknad. Det handlar om å styrke den enkelte si evne til å meistre det å bu, gå på skule, jobbe, ha kontroll over eigen økonomi og ta vare på eigen helse, i tillegg til å delta i nettverk og sosiale aktivitetar.
Frivillig og tidsavgrensa
Foyer er ikkje ein institusjon, men eit frivillig tilbod. Det nyttast både som hjelpetiltak og ettervernstiltak for gruppa sårbare unge. Foyer skal sikre ein god overgang til vaksenlivet gjennom koordinert og tverrfagleg samhandling. Modellen er ein internasjonalt anerkjent bu- og tenestemodell, som er spreidd til fleire land i verda, og til mange byar i Noreg. Bodø var først ut.
Resultat
- redusert utanforskap
- færre unge bustadlause
- færre unge som mottek passive ytingar
- færre unge uføre
- styrka evne til å fullføre vidaregåande skule og stå i jobb
- kommunale økonomiske innsparingar på kort og lang sikt (en foyer-plass kostar rundt mellom 300 000 og 430 000 kroner i året, medan ein institusjonsplass kostar i overkant av to millionar kroner. det betyr at ein institusjonsplass kan finansiere rundt fem ungdomar i en foyer).
- samfunnsøkonomiske innsparingar fordi tilbodet førebyggjer sosialt utanforskap
- eit tilbod med mykje personleg belastning, sidan ein jobbar med ungdomen i deira eksisterande nærmiljø
Gjennomføring
Bakgrunnen for prosjektet var at Utekontakten, barnevernstenesta og Nav meldte om at Bodø hadde 15-20 bustadlause ungdomar rundt 17-20 år, og at det var behov for å gjere noko for denne gruppa. Fleire av desse sleit med livet. Dei budde ustabilt, og mangla eit godt, stabilt nettverk. Nokre av desse var inne i ulike hjelpeprogram under barnevernstenesta, Utekontakten, Nav, Ny Giv og liknande. Det var likevel vanskeleg å følgje ungdomane tilstrekkeleg opp, mykje på grunn av ustabil busituasjon.
Bodø kommune var allereie då i gong med eit samarbeid med Husbanken om ungdom og bustad. Foyer Bodø blei forankra i kommunen sin bustadpolitiske handlingsplan og i oppvekstplanen for barn og unge.
Foyer Bodø er inspirert av Aberdeen Foyer og bygger på erfaringane med DUE-prosjektet (Der Ungdommen Er), der ungdom får koordinert oppfølging i bustad i den private bustadmarknaden. Foyer-bustadane er kome i stand i samarbeid med ein privat aktør. Foyer jobbar også med å koordinere tenestene gjennom samarbeid mellom ulike tverrfagleg etatar.
Målsettingar
- Alle bebuarane skal ha eigen bustad og vere i jobb, lærlingavtale eller utdanning i løpet av tre år.
- Ungdomane skal utvikle seg til å bli sjølvstendige vaksne i løpet av tre år. Dette skal skje gjennom oppfølging, rettleiing og hjelp innan butrening, økonomi, utdanning/yrkesopplæring, helse og meiningsfull fritid.
Strategiske grep
- Ungdomane søkast inn av barnevernstenesta, Nav eller flyktningkontoret i Bodø kommune, der dei allereie mottek hjelp. Ved ledig kapasitet kan tiltaket seljast til barneverntenesta i omkringliggande kommunar, der det er naturleg at ungdomen skal flytte til Bodø for å gå på skule eller anna avtalt aktivitet.
- Kommunen skal tilby ein trygg bustad med eigen inngang.
- Kommunen skal tilby oppfølging frå ein koordinator.
- Kommunen skal samordne eksisterande tenester til eit heilskapleg tilbod, individuelt tilpassa den enkelte ungdom.
- Ungdomane skal medverke sjølv i si personlege utvikling.
- Tilbodet skal ikkje vere ein institusjon – det skal vere frivillig.
- Tilbodet er ikkje eigna for ungdom med for tung rus- og psykiatri. Det er heller ikkje eigna for ungdom som har behov for døgntilsyn.
- Kommunen kan realisere bustadar og tenester gjennom å spele på lag med aktørar som Husbanken, Statsforvaltaren og private aktørar.
Kven gjorde kva
Steg 1
Bodø kommune inngjekk partnarskapsavtale med Husbanken. I mai 2012 drog representantar frå Bodø kommune og Husbanken på studietur til det internasjonalt anerkjente tiltaket Aberdeen Foyer.
Steg 2
Kommunen etablerte ei tverrfagleg arbeidsgruppe med deltakarar frå mellom anna barnevernstenesta, Nav, DUE, familiesenteret, flyktningkontoret, bustadkontoret og Utekontakten. Januar 2013 vedtok formannskapet å etablere Foyer Bodø som prosjekt.
Steg 3
I mai 2013 arrangerte kommunen seminar og workshop som samla deltakarar frå Aberdeen Foyer, Bodø næringsforum, Nav, flyktningkontor, samfunnskontor, barnevernet, politikarar, med fleire. Kommunen satsa på kafédialog-metoden. Representantar frå ungdomsrådet var med. Spørsmål som blei diskutert vart: Kven skal bu i Foyer? Kva skal til for å bu i Foyer?
Barneverntiltaket DUE hadde kontorlokale i same bygg som Rønvik familiesenter. Der var også kontorlokale som ikkje var i bruk. I juni 2013 starta kommunen ombygginga av desse til leilegheiter. Frå starten bestod Foyer Bodø av 14 leilegheiter. I dag er 11 av desse ungdomsleilegheiter med oppfølging. To leilegheiter brukast til korttidsutleige for akutt bustadlause. Ei leilegheit blir brukt som akutt kriseleilegheit for barnevernet, for samvær mellom barn og foreldre, og anna ut frå behov.
Steg 4
I februar 2014 blei det tilsett to koordinatorar som skal følgje opp ungdomane som bur i Foyer. Foyer Bodø leiast av fagleiaren for bu- og nærmiljøtiltak som består av DUE og Foyer Bodø. Kvar ungdom får tidelt ein koordinator som rettleiar og hjelper ungdomen mot målet om sjølvstende. Den individuelle oppfølginga fokuserer på butrening, økonomi, utdanning/yrkesopplæring, helse, familie og nettverk og fritid. I møte med ungdomane er krav/forventningar, individuell oppfølging, medverknad, meistring, omsorg, respekt og moglegheiter viktige element.
I september blei det, ved bruk av kompetansemidlar frå Husbanken, tilsett ein prosjektleiar for «Boligsosial utviklingsarena – Foyer Bodø». Målet var å dokumentere, utvikle og vidareformidle kunnskapen og erfaringane med etablering og drift av Foyer Bodø.
Sikre brukarmedverknad
I etableringsfasen brukte kommunen kunnskapen og erfaringane frå tidlegare prosjekt som «Booppfølgingsprosjektet», «Ungdom i svevet» og «Vårres unga – vårres framtid». Ein av ungdomane som budde i Foyer var også med i styringsgruppa. Dei heldt jamlege bebuarmøte der ungdomane utveksla tips, erfaringar, tilbakemeldingar og ønsker.
I 2023 held dei Foyer-møte kvar tredje månad, der ein tenkjer Foyer som eit slags burettslag. I tillegg blir det heldt ungdomsmøte kvar månad der bebuaren, Foyer-koordinatoren og saksbehandlaren hos innsøkande instans deltek, fortrinnsvis i ungdomen si leilegheit. Dette møtet er ungdomen sitt møte, og det er venta at ungdomen sjølv skal leie det. Møtet handlar om månaden som har gått og vegen vidare.
Finansiering
Foyer Bodø er Husbankfinansiert med 15 millionar kroner i grunnlån og 1,9 millionar kroner i tilskot til utleigebustadar. Kommunar inngjekk tildelingsavtale med ein privat aktør, noko som inneberer at kommunen har tildelingsrett på samtlege leilegheiter i 30 år. I 2023 er tilskot til utleigebustadar avvikla, slik at Foyer-bustadar berre kan finansierast gjennom lån frå Husbanken, enten til kommune eller privat aktør. Forprosjektet til tiltaket, Booppfølgingsprosjektet, fekk også kompetansetilskot frå Husbanken. Prosjektet «Boligsosial utviklingsarena – Foyer Bodø» mottok også kompetansetilskot frå Husbanken.
Foyer Bodø mottok i to år tilskot frå Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet gjennom nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Tilskotet blei brukt til å finansiere éin av dei to koordinator-stillingane. I tillegg mottok Foyer Bodø tilskot til bustadsosialt arbeid frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Midlane blei brukt til å gi ungdomane i Foyer Bodø moglegheit til å fylle fritida med meiningsfull aktivitet. Begge desse tilskota forvaltast av Statsforvaltaren.
Prosjektet Foyer Bodø blei innarbeidd i drift i Bodø kommune frå januar 2017. Frå då blei tilbodet 100 prosent finansiert over kommunen sitt eige budsjett, og nyttast både som hjelpe- og ettervernstiltak.
Suksessfaktorar
- Koordinatoren – koordinerer dei ulike etatane mot felles mål om ungdomane sitt sjølvstende. Koordinatoren er den trygge vaksne som har/tar seg tid til å lytte, respondere, samtale og rettleie ungdomen.
- Tilbodet er eit frivillig tiltak der ungdomen medverkar i sin eigen utviklingsprosess. Individuell oppfølging tilpassa den enkelte ungdom sitt behov.
- At kognitiv hjelp skjer parallelt med praktisk hjelp.
- At kvar ungdom har sin eigen leilegheit med eigen inngang. Det er ikkje fellesrom tilgjengeleg for Foyer-ungdomane.
- At ungdomane får hjelp og rettleiing. Koordinatoren løyser ikkje utfordringane for ungdomen men saman med ungdomen. Koordinatoren rettleiar ungdomen til å sjå moglegheiter, ta rette val og gjere endringsarbeid i eige liv.
- Å hjelpe den unge i gang med å tenke framover allereie ved innflytting, og finne svar på spørsmål som: Kva/kor ønskjer ungdomen å vere etter tida i Foyer? Kva draumar har ungdomen for si eiga framtid?
- Å hjelpe ungdomar ut i aktivitet, jobb, skule og sosiale aktivitetar.
Utfordringar undervegs
- Det var uheldig å opne tilbodet i mai. Både ferieavvikling, både ved Foyer Bodø og hos samarbeidspartnarar, gjorde at kommunen ikkje kom ordentleg i gang med oppfølginga og det tverretatlege samarbeidet rundt den enkelte ungdom med ein gong.
- Kommune måtte setje ut nokre eksklusjonskriterium for dei ungdomane som er tyngst belasta innan rus- og/eller psykiatri. I slike tilfelle er andre tiltak, som til dømes institusjonsplassering, meir aktuelt. Det har vore utfordrande å definere/erfare kva som er for tung rus og psykiatri.
- Foyer kunne ikkje huse alle dei 15-20 bustadlause ungdomane som var utgangspunktet for etableringa av bustaden. Ungdomane kjente kvarandre, og dei tilsette var nøydde til å setje grenser, slik at Foyer ikkje blei ein samlingsplass for Foyer-ungdomane sine vener og kjende.
Tips til andre
- Det er viktig at ungdomane opplever klare forventningar, rammer og strukturar.
- Jobb med å finne den riktige balansen mellom det å vere tilgjengeleg for ungdomane og samstundes utfordre dei på sjølvstende.
- Kommunen bør vurdere samansetninga av ungdomane som bur i Foyer. Ungdomane har samansette utfordringar, og kommunen må unngå å samle for mange ungdomar med same type problem, spesielt rus.
- Personalet bør vere stabilt og riktig sett saman. Ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse i personalgruppa bidreg til auka kunnskap om ulike system og etatar i det offentlege systemet. Det gir godt grunnlag for oppfølging av ungdomane. Kjønnsfordelinga er også viktig.
Les meir
Foyer Bodø statusrapport (Word-dokument)
Aberdeen Foyer (aberdeenfoyer.com)
Foyer-modellen for bustadslause unge; ei systematisk kartleggingsoversikt (fhi.no)