Pensjonistar hjelper til slik at flyktningar kan flytte raskare inn
Leilegheiter i eit kommunalt bygg på Voss har stått tomme i fleire år og hadde behov for oppussing. Ei gruppe på sju pensjonistar pussar no opp leilegheitene, slik at dei står klare til at flyktningar kan flytte inn.
Kommunenavn: Voss
Kommunestørrelse: Mellomstor
Prosjektleiar for "Leve heile livet" Liv Jorunn Solstad i kommunen lanserte ein idé om å ta vare på ressursane ein har i samfunnet, både dei som har noko å gi, og dei som treng hjelp. Då kommunen lyste ut etter folk, var responsen stor. Sju pensjonistar som kallar seg "Voss herad Senior Dream Team" blei sett på oppdraget med å pusse opp dei kommunale leilegheitene.
- Det er veldig mange som har enorm kompetanse når dei går av med pensjon, og har både helse og lyst til å vere med å hjelpe til vidare. Desse mennene er arbeidsame og står på, seier Solstad til avisa Hordaland.
Mennene gjer ei full overflateoppussing av leilegheitene. Dei gjer alt frå å måle tak og veggar, til å legge nytt golv og pusse opp kjøkkenet.
Til avisa fortel bustadforvaltar i Voss kommune, Kyrre Sudmann Mandelid, at dei kommunale bustadene i Sambygg opphavleg skulle seljast. Men kommunen valde etter kvart å ta dei i bruk igjen. Sidan sommaren 2022 har dei leigd rundt 80 private bustader på Voss for å dekke det aukande kommunale bustadbehovet.
- Derfor er vi veldig positive til at desse ivrige pensjonistane kan bidra med noko positivt for oss, samtidig som vi kan bidra med noko positivt for dei, seier Mandelid.
I 2022 busette Voss kommune 163 av dei 175 flyktningane som IMDi bad om. Kommunen hadde 16 144 innbyggarar per januar 2023.