Ein heil kommuneorganisasjon måtte stikke hovuda sine saman og tenke nytt då utfordringa kom. Eit viktig suksesskriterium for å lykkast med busettinga av flyktningane har nettopp vore eit breitt og godt samarbeid med fleire tenesteaktørar på tvers av kommunesektoren. I tillegg har arbeidet med å finne aktuelle bustader vore plassert i Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF), som har god fagkompetanse på bustader og utleige.
Først og fremst privat framleige
UEKF hadde elleve ledige kommunale bustader frå før, og brukte i tillegg leige-til-eige prinsippet med startlån aktivt for å frigjere fleire leigebustader i 2022. Kommunen gjekk ut i lokalavisa og på sosiale medium og oppfordra lokalsamfunnet til å melde inn bustader som kunne huse ukrainske flyktningar. Lokalsamfunnet engasjerte seg, og totalt kom det inn 56 svar om ledige bustader frå nokre av kommunen sine 8800 innbyggarar. Dette har vore heilt nødvendig for å kunne nå vedtaket om busetting for Ulstein kommune.
Slik søkar Ulstein etter bustader via kommunen si heimeside
Ved framleige har UEKF samarbeidd med representantar frå teknisk etat og brannvesen for å godkjenne bustadene. Dette for å forsikre seg om at bustadene oppfyller dei nødvendige spesifikasjonane for utleige.
Folk melder framleis inn ledige bustader. Det har Ulstein behov for, fordi kommunen har vedteke å busette 125 nye flyktningar i 2023. Kommunen satsar primært på privat framleige i tillegg til å kjøpe fleire bustader, og fortsette å bruke startlån når eksisterande leigetakarar er klare til å kjøpe sin eigen bustad.
Ekstra stilling til busetting
Eigedomsselskapet og flyktningtenesta hadde regelmessige møte for å løyse både små og større utfordringar. Alle dei involverte har vore positive, løysingsorienterte og samarbeidd svært godt. Lokalavisa blei tidleg invitert for å møte nokre av dei nye sambygdingane og bidra til større merksemd om bustadbehovet i lokalsamfunnet.
Samstundes med vedtaket om å auke talet på busette til 135 personar, vedtok kommunestyret midlar til ei stilling i eigedomsselskapet for å jobbe med busettingsarbeidet. Dette styrkte profesjonaliteten i arbeidet med å skaffe bustader og framleige av desse, og det gjorde at kommunen fekk på plass bustader svært raskt. Dette hadde ikkje flyktningtenesta klart på same måten åleine.
Husbanken har ei eiga side med informasjon om bustader for flyktningar