Arendal har oppfylt draumen om eit dagaktivitetssenter
Etter ni år med arbeid kunne dagaktivitetssenteret på bryggekanten i Arendal opne. Det over 200 år gamle verna bygget frå den stolte seglskutetida i byen var blitt oppgradert til ein innbydande samlingsstad for menneske med psykiske helseplager. Prosjektet blei mogleg med Husbanken sitt investeringstilskot og eit velvillig samarbeid mellom mange aktørar.
Mål og målgruppe
Målet var å samle og utvide eit lågterskeltilbod på dag- og kveldstid for menneske som slit med ulike psykiske helseplager og kjenner på einsemd.
Bakgrunn
Tilboda til Arendal kommune for folk med psykiske helseplager var spreidd på ulike stader i og utanfor sentrum. Mellom 120 og 150 personar nytta tilboda gjennom året. No er alt samla i eit totalrenovert verneverdig bygg på rådhusbrygga, og talet på besøkande har dobla seg.
Resultat
- Den forfalne eigedomen på Tyholmen, nabo til gamle Arendal rådhus, har blitt oppgradert frå bustad og kontor til eit dagaktivitetshus med tilbod for vaksne.
- Ein koseleg kafé og butikk som er open for alle, der det som brukarane produserer, vert selt.
- Aktivitetssenteret inneheld òg syrom, hobbyverkstad, TV- og datarom og grupperom for samtalar og meistringskurs.
- Den 2500 kvadratmeter store tomta hadde ein gjengrodd hage i bakkant som har blitt rydda for kratt, prydbuskane er stelte og området har fått møteplassar og urtekasser. Det er òg fleire små naturscener for bakgardskonsertar i sommarhalvåret.
- Nye "Lassens hus" blei offisielt opna 30. august 2023, og besøkstala har dobla seg etter at dette rusfrie tilbodet blei samla.
Beskriving av prosessen
Kommunen vurderte fleire aktuelle tomter rundt sentrum, mellom anna den gamle brannstasjonstomta. På Tyholmen stod "Lassens hus" og forfall, medan det blei brukt til kontor og bustad i privat regi. Kommunen kjøpte det for 2,75 millionar kroner i 2014 og fekk etter kvart omregulert det frå bustad/forretning/kontor til eit meir fleksibelt bruksformål som inkluderte tenesteyting.
I 2018 løyvde eit samrøystes bystyre 23 millionar kroner til å restaurere det gamle bygget. Men grunna dårleg økonomi i kommunen og mange tekniske utfordringar undervegs, blei prosjektet utsett i mange år.
Med Husbanken sitt tilskot på plass i januar 2021 var heile finansieringa klar, og det mødesame arbeidet med å restaurere det freda bygget kunne endeleg starte hausten same år.
Det fire etasjar store trebygget frå 1809 var Sørlandet sitt første empiriehus frå seglskutetida. Det er bygd rundt eit lite hus frå 1700-talet, som utgjer kjernen av første etasje. I løpet av eitt år har det ærverdige og verneverdige bygget blitt jekka opp og fundamentert på nytt, for at det ikkje skal hamne på sjøen. Alle vindauga har blitt restaurerte, og heile bygningskroppen har blitt oppgradert med den gamle byggeskikken vareteke. Gamle tømmerveggar er synlege i nokre av romma, opphavlege fargar har blitt måla opp på nytt, og val av nye tapetar er gjort i same stil som dei gamle.
Utfordringar undervegs
Arbeidstilsynet og riksantikvaren hadde nokre motsegner til ombygginga av det freda bygget. I løpet av to år var alle motsegnene avklart og vareteke.
– For eksempel så avslo Arbeidstilsynet den første byggesøknaden vår, fordi den innvendige takhøgda i andre etasje berre var 2,05 meter under takbjelkane. Kravet til arbeidsrom var 2,7 meter, fortel Anette Flaath i Arendal Eiendom KF.
Løysinga blei å ta andre etasje ut av prosjektet, då gjekk søknaden gjennom. Seinare godkjende Arbeidstilsynet andre etasje òg.
– Ja, dei behandla fleire klagar på tilsvarande saker i verneverdige bygg andre stadar som òg skulle takast i bruk igjen. Dermed gjorde Arbeidstilsynet eit unntak, og vi kunne fortsette mot målet om å samle heile dagsentertilbodet i same bygg med stover og samtalerom i andre etasje, seier Flaath.
Både bygget og uteområda er freda. Fylkeskommunen ønskte at eigedommen skulle takast i bruk for å bevare kulturminnet og forhindre vidare forfall. Det innebar behov for dispensasjonar for å gjennomføre oppgraderinga, og at det skulle bli mogleg og forsvarleg å bruke bygget igjen med det nye formålet. Kommunen fekk blant anna dispensasjon for å installere ei løfteplattform gjennom alle dei fire etasjane, brannsprinkelanlegg og balansert ventilasjonsanlegg. Sistnemnde aggregat blei «gøymt» inne i det opphavlege vesle huset midt inni bygget, og røyra blei lagt opp gjennom små kott mellom skeive og rette vegger.
Kommunen fekk naboklager på potensiell støy når bruken av den store hagen blei utvida til å kunne huse bakgardskonserter i sommarhalvåret. Klagene blei avviste, med grunngjeving om at regelen om ro etter klokka 22 var éin time strengare enn i nabolaget elles.
Brukarmedverknad
Alle dei sju tilsette i tillegg til verksemdsleiaren har vore involverte i å planlegge kva dei mange romma skulle brukast til og korleis gjere bygget både funksjonelt, innbydande og heimekoseleg for brukarane.
– Vi har lagt stor vekt på å redusere stigmatisering, og at brukarane skal oppleve verdigheit. Kommunen har valt å prioritere denne innbyggargruppa godt, framfor å berre huse dei i nokre overskotslokale. Det betyr mykje for alle dei som besøker oss, seier verksemdsleiar for aktivitet og meistring, Vidar Åsheim.
"Lassens hus" blir flittig brukt. Angstringen, Bipolarforeningen, Autismeforeningen, ROM Agder (mental helse) er nokre av gruppene som har faste samlingar her. Huset blir òg brukt som arbeidstreningsplass i samarbeid med NAV. Elles besøker bebuarane på Tyholmen både kafeen og butikken kvar veke.
– Dette har blitt min andre heim, eg er heldig som får jobbe her. Bygget har blitt veldig bra og inkluderande, og det betyr mykje at brukarane kjenner seg prioriterte, fortel fagarbeidar Anette Lønnhaug. Ho jobbar både på kjøkkenet og i kafeen, med unggrupper og den populære turgruppa.
Finansiering
Dei totale prosjektkostnadene landa på 35,7 millionar kroner inkludert to millionar for å renovere hagen. Husbanken har gitt 18,9 millionar i investeringstilskot. Utan Husbanken sitt tilskot hadde dagsenteret ikkje blitt noko av, ifølge verksemdsleiaren.
Tips til andre
- Ta tidleg kontakt med både vernemyndigheitene og Husbanken for å avklare krav, slik at alle kan dra i same retning for å få til gode løysingar.
- Tenk utanfor boksen når det gjeld moglegheiter for gjenbruk i eit eksisterande og verneverdig bygg.
- Legg opp til eit breitt samarbeid om bruk med frivillige organisasjonar.
- Vis politikarane bruksmoglegheitene og kor viktig det er med "friske", lyse og trivelege omgivnader for menneske som er i livstrening.
- Vis òg gevinstane og verdiane av å satse på slike tiltak som ikkje er lovpålagde.