Bustadlaus
Ingen skal vere bustadlause i Noreg. Dette har skiftande regjeringar vore einige om dei siste tiåra. Langvarig nasjonal og kommunal innsats har gitt gode resultat. Likevel har vi framleis over 3000 bustadlause i landet, ifølge tal frå 2020, så vi er ikkje i mål.
Definisjon
Denne definisjonen blir nytta både i dei nasjonale kartleggingane våre og i nabolanda våre:
Ein bustadlaus er ein person utan tilgang på fast bustad som er i følgande situasjonar:
- er tilvist til tilfeldige/mellombelse butilbod
- oppheld seg mellombels hos nær slektning, venner eller kjende
- er under behandling eller soning og skal skrivast ut/lauslatast innan to månader utan å ha eigen bustad
- søv ute/har ikkje ein stad å sove
Personar som bur varig hos nære pårørande eller i framleigd bustad blir ikkje rekna som bustadlause.
Fakta om bustadlause
Sidan 1996 har Husbanken fått kartlagt talet på bustadlause personar i Noreg kvart fjerde år. I 1996 var det 6200 bustadlause. Talet har sokke sakte men sikkert sidan den gongen, og ved siste teljing var talet omtrent halvert. I november 2020 var 3325 personar utan ein fast stad å bu i Noreg.
Kartlegginga tel berre personar som er i kontakt med tenesteapparatet, så det kan vere mørketal.
Les heile rapporten frå NIBR: Bostedsløse i Norge 2020 - en kartlegging
Kartlegging av bustadlause i Noreg i 2024 blir utsett
Arbeids- og velferdsdirektoratet har ikkje gitt fritak frå teieplikta. By- og regionforskningsinstituttet NIBR kan derfor ikkje gjennomføre undersøkinga som planlagt i 2024. NIBR har klaga på avgjerda.
Det er uklart nå kartlegginga kan bli gjennomført, men alternative løysingar blir vurderte.
Kartlegginga av bustadlause gir viktig kunnskap om utviklinga og samansettinga av bustadløyse i Noreg. Denne kunnskapen blir brukt til å utvikle politikk og målretta tiltak i kommunar og stat. Kartlegginga har vorte gjennomført kvart fjerde år sidan 1996 og baserer seg på rapportar frå offentlege og private tenester som er i kontakt med bustadlause personar.
Kven er den bustadlause?
Ein gjennomsnittleg bustadlaus er ein mann i midten eller slutten av 30-åra. Han er einsleg, fødd i Noreg og har vore bustadlaus lenge. Han er avhengig av rusmiddel og tek imot sosialstønad eller uføretrygd.
Dette biletet blir likevel nyansert i dei siste kartleggingane. Kartleggingane viser at talet på bustadlause over 54 år aukar, og dermed aukar òg helseutfordringane dei har. Andelen fødd utanfor Noreg aukar òg, akkurat som andelen kvinnelege bustadlause.
Få søv ute
Ifølge den siste kartlegginga er det nesten ingen som søv på gata. Dei fleste oppheld seg i mellombelse butilbod eller overnattar på sofaer og i ledige rom hos familie og venner.
- 31 prosent av dei bustadlause oppheldt seg i mellombelse butilbod.
- 30 prosent overnatta hos venner, kjenningar og slektningar.
- 18 prosent mangla bustad då dei kom ut av institusjon/fengsel.
- 4 prosent var i krisesenter.
- 2 prosent stod heilt utan nokon stad å overnatte.
Bustadlause barnefamiliar
Ein av fire bustadlause har mindreårige barn, men berre få av desse har omsorg for barna.
Siste kartlegging i 2020 slår fast at 142 barn lever saman med bustadlause foreldre. I 2012 var det 679 bustadlause barn, så talet har gått kraftig ned.
Rus- og psykiatrilidingar
Ein av fire bustadlause har lidingar relatert til både rus og psykiatri samtidig (ROP-lidingar).
Personar med ROP-lidingar har ofte behov for tenester, men oppsøker ikkje alltid hjelpeapparatet og kan vere motvillige til å ta imot hjelp. Oppsøkande verksemd i ambulante team (ACT-modellen) har vist seg nyttig overfor denne gruppa.
Meir om ACT-modellen finn du på helsedirektoratet.no.
Langvarig innsats nyttar
I dei fleste andre land aukar bustadløysa. Berre Finland kan vise til tilsvarande reduksjon som Noreg. Årsaka til at talet på bustadlause går ned frå 2012 til 2020 blir tilskrive langsiktig og vedvarande bustadsosial innsats og kompetanseutvikling i norske kommunar.
NIBR og Oslo Economics si evaluering av den nasjonale strategien «Bolig for velferd 2014–2020» bekreftar at brei og langvarig innsats nyttar. Det gjer òg NIBR-rapporten Færre bostedsløse - hva er forklaringen?
Kva gjer Husbanken?
Husbanken forvaltar økonomiske ordningar som kommunane kan bruke til å kjempe mot bustadløyse. Her finn du informasjon om bustøtte og lån og tilskot for kommunar.
Husbanken stimulerer òg utvikling av kunnskap om verksame bustadsosiale tiltak og skaper arenaer for kompetansedeling. Ein gong i månaden arrangerer vi webinar med bustadsløyse som tema.
Mange kommunar har, i samarbeid med Husbanken, fått auka bustadsosial kunnskap, skaffa fleire bustader og sett i gang førebyggande tiltak av typen Housing First (napha.no) og Foyer-modellar (fhi.no).