Bustadlaus
Ingen skal vere bustadlause i Noreg. Dette har skiftande regjeringar vore einige om dei siste tiåra. Langvarig nasjonal og kommunal innsats har gitt gode resultat. Likevel har vi framleis over 3000 bustadlause i landet, ifølge tal frå 2020, så vi er ikkje i mål.
Definisjon
Denne definisjonen blir nytta både i dei nasjonale kartleggingane våre og i nabolanda våre:
Ein bustadlaus er ein person utan tilgang på fast bustad som er i følgande situasjonar:
- er tilvist til tilfeldige/mellombelse butilbod
- oppheld seg mellombels hos nær slektning, venner eller kjende
- er under behandling eller soning og skal skrivast ut/lauslatast innan to månader utan å ha eigen bustad
- søv ute/har ikkje ein stad å sove
Personar som bur varig hos nære pårørande eller i framleigd bustad blir ikkje rekna som bustadlause.
Fakta om bustadlause
Sidan 1996 har Husbanken fått kartlagd talet på bustadlause personar i Noreg om lag kvart fjerde år. I 1996 var det 6200 bustadlause. Talet har sokke sakte men sikkert sidan den gongen, men ved siste teljing var det ein klar auke på 26 prosent. I november 2025 var 4197 vaksne personar utan ein stad å bu i Noreg. Kartlegginga tel berre personar som er i kontakt med tenesteapparatet, så det kan vere mørketal. Metoden nytta er anerkjent, og tatt i bruk i og i Danmark og Sverige.
Les heile rapporten frå NIBR: Bostedsløse i Norge 2020 - en kartlegging (PDF)
Kartlegging av bustadlause i Noreg i 2025
By- og regionforskningsinstituttet NIBR gjennomførte i 2025 den åttande nasjonale kartlegginga av bustadløyse i Noreg. Målet er å gi oppdatert kunnskap om kor mange som er utan fast bustad, og kva som kjenneteiknar desse. Kartlegginga blir gjennomført kvart fjerde år. Datainnsamlinga skjedde ei veke i november. Offentlege tenestestader som har kontakt med, eller kjenner til, personar utan fast bustad, deltok i arbeidet. 733 instansar, hovudsakleg i kommunane, men òg i statlege og frivillige organisasjonar, fylte ut eit spørjeskjema for kvar person dei kjenner til eller er i kontakt med i perioden. Forskarane ved NIBR analyserer svara og publiserer resultata i ein eigen rapport.
Kven er den bustadlause?
Ein gjennomsnittleg bustadlaus er ein mann, om lag 40 år gamal. Han er einsleg, fødd i Noreg og har vore bustadlaus lenge, og tek imot sosialstønad eller uføretrygd. Kartlegginga av bustadlause i 2025 inneheld færre opplysningar enn tidlegare, slik at vi veit mindre om dei bakanforliggande årsakene til dei bustadlause. Samstundes er det nokon tydlege trekk i utviklinga sidan førige kartlegging.
Kartleggingane viser at talet på bustadlause over 54 år aukar, og at det blir færre unge bustadlause i Noreg. Her skil vi oss frå mange andre land i Europa der talet på unge aukar. Dette gjer at fleire bustadlause oppheld seg i mellombelse butilbod og at har fast trygt eller pensjon.
Færre søv ute, men fleire er i akuttilbod
Ifølge kartlegginga er det få som søv på gata, men det er likevel ein auke sidan 2020 og blant dei som er i akuttovernatting. Det er ein reduksjon blant dei som er utan bustad ved avslutting av opphald i institusjon og fengsel Dei fleste oppheld seg i mellombelse butilbod eller overnattar på sofaer og i ledige rom hos familie og venner.
- 36 prosent av dei bustadlause oppheldt seg i mellombelse butilbod.
- 29 prosent overnatta hos venner, kjenningar og slektningar.
- 16 prosent mangla bustad då dei kom ut av institusjon/fengsel.
- 5 prosent var i akuttovernatting.
- 3 prosent stod heilt utan nokon stad å overnatte.
- 2 prosent var i krisesenter.
Bustadlause barnefamiliar
Ein av fire bustadlause har mindreårige barn, men dei fleste av desse har ikkje dagleg omsorg for barna. Talet på personar som er bustadlause med sine mindreårige barn har auka kraftig sidan førige kartlegging. I 2025 var 244 vaksne bustadlause samen med 500 barn. Dette er ein stor auke frå 2020 då 142 barn blei kartlagde. Auka har samanheng med vanskar, særleg eineforsørgjarar møter i ein pressa bustadmarknad. Barnefamiliane skil seg får andre bustadlause gjennom at fleire i arbeidt og oftare kan knytast til meir akutte bustadbehov og familiekonfliktar.
Langvarig innsats nyttar, men no aukar bustadløysa
I dei fleste andre land har bustadløysa auka over dei siste 20 åra. Berre Finland og Noreg har kunne vist til ein klar reduksjon, men begge landa opplever no ein auke i bustadløysa. Årsaka til at talet på bustadlause blei halvert frå 2012 til 2020 blir tilskrive langsiktig og vedvarande bustadsosial innsats og kompetanseutvikling i norske kommunar. Auken i bustadløyen kan skyldast mange forhold, men særleg eit auka press i bustadmarknaden er ein viktig årsak. Husbanken har utført analysar av leigemarknaden som og ser på bustadsløse og bruk av midlertidige butilbod.
Regjeringa har varsla ein særskild innsats retta mot kommunar med mange bustadløyse og husstandar i førebelse butilbod, og Husbanken vil følgje dette opp framover. Husbanken forvaltar og økonomiske ordningar som kommunane kan bruke til å kjempe mot bustadløyse. Her finn du informasjon om bustøtte og lån og tilskot for kommunar.
Husbanken stimulerer òg utvikling av kunnskap om verksame bustadsosiale tiltak og skaper arenaer for kompetansedeling. Ein gong i månaden arrangerer vi webinar med bustadsløyse som tema.
Mange kommunar har, i samarbeid med Husbanken, fått auka bustadsosial kunnskap, skaffa fleire bustader og sett i gang førebyggande tiltak av typen Housing First (napha.no) og Foyer-modellar (fhi.no).