Webinar: Distriktskommunen som aktiv bustadpolitisk aktør

  • Tid
    Start 4. mai kl. 09.00 | Slutt 4. mai kl. 10.30
  • Sted
    Teams
  • Pris
    Gratis
  • Påmelding Påmeldingsfrist er 30. april kl. 12.00

Bustadutvikling i distrikta krev ofte at kommunen tek ei aktiv rolle. Heim, Tjeldsund og Sjåk er tre kommuner som har tatt tak i bustadutfordringane med gode resultat. Dei fortel om prosjekta dei har fått gjennomført og erfaringane, utfordringane og suksessfaktorane for å lukkast med bustadbygginga.

Webinaret er for tilsette i kommunane og utbyggjarar med interesse for bustadutvikling i sin kommune.

Kort om kommunane som skal fortelje om deira prosjekt og arbeid:

Heim kommune i Trøndelag

Kommunen veks både i næringsliv og folketal. Fleire innbyggjarar betyr eit aukande behov for nye bustader, og kommunen har løyst mykje av utfordringa i eigen regi. Dei siste tre åra er det bygd 59 bustader for sal eller utleige til flyktningar, eldre og unge i etableringsfasen. På dette webinaret får du bli litt betre kjent med nokre av prosjekta som kommunen har realisert.

Tjeldsund kommune i Troms

I prosjektet «Bustadstart Evenskjer» har kommunen som prosjekteigar teke økonomisk risiko for å få fart på bygging av bustader for unge. Prosjektet omfattar åtte nøkkelferdige einebustader retta mot førstegangskjøparar, med mål om å motverke fråflytting og bidra til folkeauke. Gjennom moderate prisar, lågare krav til eigenkapital og moglegheit for gunstig finansiering, mellom anna via lån frå Husbanken, legg kommunen til rette for at fleire kan kome inn på bustadmarknaden. Samstundes skapar satsinga aktivitet i byggjenæringa og kan stimulere til vidare bustadbygging.

Skjåk kommune i Innlandet

Skjåk kommune har brukt bustad som eit strategisk verkemiddel for folkeauke, mellom anna ved å bygge prøvebustader og utvikle eit «leige til eige»-konsept. Slik har dei senka terskelen for å etablere seg i eigen bustad. Satsinga er kombinert med aktiv marknadsføring og konkrete tiltak for tilflytting. Bustadane vart fylte på kort tid, interessa er stor, og kommunen har fått nye innbyggjarar.

Vi sender ut deltakarlenkja til alle påmelde torsdag 30. april.

Velkomen!