Rettleiar for tilskot til etablering

Tilskot til etablering bidreg til at barnefamiliar og andre vanskelegstilte med låg og/eller usikker inntekt kan kjøpe ein bustad.

Tilskotet blir ofte brukt saman med startlån. Personar med langvarige økonomiske problem skal prioriterast.

Startskudd er kommunen sitt saksbehandlingsverktøy for startlån og tilskot. Det forenklar saksbehandlinga, bidrar til å finne gode løysingar og til å sjå verkemidla, startlån og tilskot i samanheng.


Søknad og saksgang

Under saksbehandlinga gjer kommunen ei individuell vurdering av behovet til husstanden for tilskot til etablering. Kommunen har ikkje plikt til å innvilge tilskot, men må behandle søknadene. Kommunen kan bruke stor grad av skjøn i saksbehandlinga og når dei fattar vedtak i søknadene. Kommunen kan derimot ikkje behandle søkarane ulikt.

Her finn du informasjon om Startskudd. som er saksbehandlingsverktøyet for startlån og tilskot.