Nettmøte for kommunane i Vestland og Rogaland: Frå plan til gjennomføring i Sunnfjord kommune
-
TidStart 18. mars kl. 08.30 | Slutt 18. mars kl. 09.30
-
StedDigitalt
-
PrisGratis
-
Påmelding Påmeldingsfrist er 17. mars kl. 13.00
Treng kommunen din fleire bustader for uføre, eldre eller andre grupper? Gjennom Sunnfjord kommune sine erfaringar med å bygge bustader i Lindhagen og Apotekargarden, kan de få gode råd og inspirasjon.
Nettmøtet er for tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland.
Einingsleiar Liv Janne Jonstad frå Sunnfjord kommune vil fortelje om korleis dei arbeidde for å byggje sjølveigebustader for unge med utviklingshemming og omsorgsbustader for eldre.
Byggjinga blei gjennomført i samarbeid med private utbyggjarar og Husbanken. Resultatet var at åtte unge uføre blei stolte bustadeigarar i Lindhagen, og at det blei etablert 14 moderne omsorgsbustader i Apotekargarden.
Nettmøtet er ein månadleg nettmøteserie om ulike tema. Møta er uformelle og skal gjere det enklare å få informasjon frå Husbanken.
Har du spørsmål, ta kontakt på post@husbanken.no