Tilskot til utleigebustader

Tilskotet skal hjelpe kommunar med å etablere fleire utleigebustader for personar som ikkje har mogelegheit til å skaffe seg eller oppretthalde eit tilfredsstillande buforhold.

Kommunen kan kjøpe, byggje nytt eller byggje om eigedomsmasse. Det kan kommunen gjere i eigen regi, eller ved å inngå avtalar med private aktørar, der kommunen får rett til å tildele bustadene til sine leigetakarar.

Husbanken ber kommunane om å sende inn søknader om tilskot fortløpande. I 2022 blir søknader prioriterte ut fra søknadsdato og dato for igangsetjing.

Søknad om tilskot kan seinast sendast Husbanken eitt år etter at utleigebustadene er skaffa fram.

Tilskotet blir berekna per kvadratmeter. Kommunane er delt inn i geografiske grupper, slik at storleiken på tilskotet reflekterer dei lokale bustadprisane. Den maksimale tilskotsutmålinga tilsvarar ein bustad på 80 kvadratmeter. 

Sjå oversikt over satsane lenger ned på denne sida.

Forskrifta skal sørge for einskild behandling av kommunar, og gjere ordninga meir kostnadseffektiv. Med faste satsar for kommunen kan ein nytte ein enkel utrekning for å sjå tilskotstorleik og tilskotsandel for bustader med ulik storleik og investeringskostnader.

Laster inn kalkulatoren...

Nedskrivingstida er forlengt frå 20 til 30 år. Tilskotet blir avskrive med 3,3 prosent per fullført år frå utbetalingsdato.

Satsar for utleigebustader 2022
Kommune­gruppe Tilskot per kvm P-ROM Maksimal utmåling
Oslo 20 000 1 600 000
Bærum 16 000 1 280 000
Asker, Bergen, Drammen, Frogn, Lørenskog, Nesodden, Rælingen, Lillestrøm, Nordre Follo, Tromsø, Trondheim, Ullensaker, Ås 12 000 960 000
Bodø, Gjerdrum, Lier, Lillehammer, Malvik, Moss, Nittedal, Sandnes, Sogndal, Sola, Stavanger, Sunnfjord, Tønsberg, Vestby 11 000 880 000
Alta, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidsvoll, Enebakk, Fredrikstad, Færder, Gjesdal, Gjøvik, Hamar, Hammerfest, Hole, Holmestrand, Horten, Hvaler, Hå, Indre Østfold, Kinn, Klepp, Kongsberg, Kristiansand, Melhus, Molde, Nannestad, Nes, Randaberg, Ringerike, Råde, Sandefjord, Skaun, Stjørdal, Stryn, Time, Øvre Eiker, Øygarden, Ålesund 9 000 720 000
Øvrige kommunar 8 000 640 000

Forskrift og rettleiarar