Tilskot til energitiltak i kommunale bustader

Tilskotet skal gå til tiltak som minskar behov for energi i kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.

Målet er at dei som leiger bustad av kommunen skal få lågare utgifter til kjøpt energi og ei permanent forbetring av bygget dei bur i.

Viktig om ordninga:

Eksempel på energitiltak i kommunane

Rindal kommune

Kommunen gjorde energititak i seks utleigebustader og selde deretter bustadene til leiletakarane, ved hjelp av startlån. Det gav lågare utgifter og større økonomisk tryggleik for bebuarane. Les om prosjektet i Rindal

Nordseterhjemmet i Oslo 

Kommunen reduserte straumbruken og halverte byggekostnadene ved å gjenbruke vindauge. Arbeidet ble gjort medan sjukeheimen var i full drift, og utan store forstyrringar for bebuarane.  Les om prosjektet i Oslo

Mytar og mis­forståingar

Kommunen som heilskap får innsparingar, men ofte på andre budsjett. Det er også mogeleg å kombinere tiltaka med anna vedlikehald, eller sal med startlån.
Nei, dette er først og fremst et sosialt og økonomisk verkemiddel. Dei tekniske krava er berre er ramme.
Søknadsprosessen er enkel, og vi har ein god rettleiar. Dei aller fleste søknadene er godt innanfor krava til Husbanken. Vi rettleiar gjerne kommunen i forkant, dersom noko er uklart.
Søk om tilskot

Meir om tilskotet

  • Det er kommunane som søker tilskot og gjennomfører tiltak.
  • Det kan bli gitt tilskot til energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar som kommunen eig.

Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer behov for kjøpt energi og til tiltak som produserer eigen, fornybar energi.

Kommunen kan få tilskot til desse tiltaka:

  • Etterisolering av ytterveggar
  • Etterisolering av yttertak/kaldt loft
  • Utskifting av vindauge
  • Termisk isolering av røyr og deler i varmesentral
  • Varmepumpe væske-vatn
  • Varmepumpe luft-vatn
  • Solvarmekollektor
  • Solceller
  • Biokjel for fast brensel
  • Tilskotet blir berekna ut frå normerte verdiar for kva det kostar å gjennomføre tiltaka. 
  • Tilskotet for kvart prosjekt skal ikkje overstige fem millionar kroner.
  • Utbetalt tilskot kan ikkje overstige 50 prosent av dei faktiske kostnadene av tiltaka.
  • Det er mogleg å søkje om tilskot til fleire prosjekt.

Her kan du utforske kva kommunen kan få i tilskot (Excel). Kalkulatoren gir ei førebels utrekning som kan brukast i budsjettprosessen til kommunen.

  • Kommunen søker om tilskot på vanleg måte via Husbankens e-søknadsløysing og ID-porten. Det er kommunen sjølv som tildeler rolle for å kunne søke. Tilgangen som kommunen gir må knyttas mot «Lån og tilskotstenester i Husbanken».

  • Kommunar som søker om tilskot til både omsorgsbustader og sjukeheimar, må sende inn to separate søknader. 

  • Det er ingen søknadsfrist for tilskotet, Husbanken behandlar søknadene fortløpande så lenge tilskotsmidla rekk.
  • Tilskotet blir utbetalt når kommunen har dokumentert at tiltaket er gjennomført.
  • Kommunen skal rapportere på kva tiltak som er gjennomført, kva slags bustader det er gjort tiltak i, og forventa redusert energibehov.
  • Dersom heile tilskotsramma blir fordelt i løpet av året, vil nye søknader bli avslått.

Kommunen kan søke Husbanken om utbetaling av tilskot når tiltaka i prosjektet er gjennomført og dokumentert.

Bruk dette skjemaet for å søke om utbetaling av tilsegn gitt i 2023:

Søknad om utbetaling av tilskot - nynorsk (PDF)

Søknad om utbetaling av tilskot - bokmål (PDF)

Frå 2024 kan utbetalt tilskot ikkje overstige 50 prosent av dei faktiske kostnadene av tiltaka.

Forskrift (lovdata.no)
Kalkulator (Excel)
Rettleiar