Rentekompensasjon for skular

Ordninga skal stimulere til investeringar i læringsarenaer, utstyr og inventar som bidreg til meir praktisk og variert opplæring på 5.-10. trinn i skulen.

Det er kommunen som søker om og får utbetalt rentekompensasjon for investeringar i sine grunnskular. Kommunen kan også søke på vegner av private grunnskular med statstilskot i eigen kommune.

Det er ikkje krav om at prosjekta blir finansierte med lån. Det blir utbetalt rentekompensasjon uavhengig av korleis investeringane blir finansiert.

Pass på kostnadene i søknaden ikkje overstig investeringsramma. Finn investeringsramma til kommunen din

Kommunen kan søke om rentekompensasjon for tiltak innan følgjande kategoriar:

  1. Oppgradering av eksisterande læringsarenaer inne
    For eksempel mat- og helseavdeling, kunst- og håndverkssalar, verkstader, kroppsøvingssalar, musikkrom, laboratorium.
  2. Oppgradering eller nyetablering av skulen sitt uteareal, eller tilrettelegging av naturområde i skulen sitt nærområde
    For eksempel skulehage, klatreapparat/leikeplass, hinderløype, natursti eller utekjøkken.
  3. Mindre nybygg tilknytta ein eksisterande skule
    For eksempel verkstad, drivhus, lavvo, gapahuk, utebod, grillhytte/utekjøkken.
  4. Anskaffingar av utstyr og inventar
    For eksempel større og kostbare maskiner og verktøy som bandsag eller dreieskive, musikkinstrument, komfyrar, utsyr til multimedierom eller realfagsrom.

Les meir om tiltaka i rettleiaren

Det kan berre søkast om rentekompensasjon for prosjekt som ikkje er ferdigstilt per 6. oktober 2023.

Kommunane har fått ei individuell investeringsramme som er bestemt av Kunnskapsdepartementet. Ramma gjeld for ein periode på åtte år. Finn investeringsramma for din kommune.

Rentekompensasjonen blir berekna ut frå godkjende prosjektkostnader i dei enkelte prosjekta, avgrensa oppover til kommunen si investeringsramme. Kompensasjonen blir berekna frå den datoen Husbanken godkjenner prosjektkostnaden, basert på rentesatsar fastsett i § 8-3 i forskrift om lån fra Husbanken (lovdata.no).

Kompensasjonen kommunen får utbetalt, blir berekna ut frå eit serielån med 20 års løpetid og flytande rente i Husbanken, inkludert 5 års avdragsfri periode og halvårlege terminar. Etter utløpet av den avdragsfrie perioden, blir beregningsgrunnlaget gradvis redusert med 1/15 per år.

Du finn rentesatsar for kompensasjonen lenger ned på denne sida.

Kommunen søker gjennom Husbanken si digitale søknadsløysing og ID-porten. Kommunen må ha tildelt Altinn-rolla "Lån og tilskot i Husbanken" til den som skal fylle ut og sende inn søknaden.

Kommunen kan ikkje søke om meir enn det som er oppgitt i investeringsramma. Finn investeringsramma for din kommune.

Ha dette klart når du skal fylle ut søknaden, så går det raskare:

  • Namnet på skulen kommunen skal investere i.
  • Kostnader for tiltaka, fordelt på dei respektive tiltakstypane.
  • Om prosjektet det blir søkt om har fått tilskot til utstyr og læringsarenaer frå Utdanningsdirektoratet.
  • Forventa dato for når alle tiltaka er ferdige.
  • Kontaktinformasjon til kontaktpersonar for tiltaka.

  1. Fyll ut og send inn søknaden om rentekompensasjon.
  2. Hvis kommunen får tilsegn, kan de sette i gang tiltaket.
  3. Når tiltaket det er søkt om er ferdigstilt, må kommunen sende inn ein søknad om godkjenning av prosjektkostnader. Denne må være underskriven av kommunens revisor. Send søknaden post@husbanken.no.

Søknad om godkjenning av prosjektkostnader - nynorsk (PDF)

Søknad om godkjenning av prosjektkostnader - bokmål (PDF)

Dei neste 20 åra vil kommunen få ei årleg utbetaling av rentekompensasjon for dei godkjende kostnadene.

Meir om rentekompensasjon

Husbanken har tidlegare administrert fleire ordningar for rentekompensasjon. Vi betaler ut kompensasjon for tilsegn som er gitt tidlegare for desse ordningane:

  • Rentekompensasjon til kyrkjer og kyrkjeinventar: Husbanken har ikkje middel til investeringar i 2024.
  • Rentekompensasjon for skule og symjeanlegg 2009-2016: Ordninga vart avslutta 31.12.2016.
  • Rentekompensasjon for omsorgsbustader og sjukeheimar: Ordninga vart avslutta 31.12.2004.

Den årlege utbetalinga av rentekompensasjon skjer om lag i midten av desember kvart år.

Her er rentene som blir lagt til grunn for den årlege utbetalinga av rentekompensasjon.

For den nye ordninga for rentekompensasjon for skule er det renta fra  og med 1. juli 2024 som blir lagt til grunn.

Renter i 2024
Periode Rente
01.01.24 - 01.03.24 3,74 %
01.03.24 - 01.05.24 4,01 %
01.05.24 - 01.07.24 4,11 %
01.07.24 - 01.09.24 4,20 %
01.09.24 - 01.11.24 4,23% 
01.11.24 - 01.01.25 4,22% 
Renter i 2025
Periode Rente
01.01.23 - 01.03.23 4,20 %
01.03.23 - 01.05.23  
01.05.23 - 01.07.23  
01.07.23 - 01.09.23  
01.09.23 - 01.11.23  
01.11.23 - 01.01.24  

Renta som blir lagt til grunn, er i samsvar med forskrift om lån fra Husbanken § 8-3.