Tilskot til bustadtiltak
Tilskotet skal leggje til rette for fleire eigna bustader i heile landet, gjennom testing av nye bustadtiltak. Det skal òg stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon. I tillegg skal det støtte opp om arbeid som tek vare på leigetakarar i bustadmarknaden.
Tilskot til bustadtiltak omfattar tilskot til bustadsosiale tiltak, tilskot til bustadtiltak i distrikta og tilskot til leigebuarorganisasjonar.
Målet med tilskotet er å støtte tiltak som på ulike måtar bidreg til å førebyggje at folk vert vanskelegstilte på bustadmarknaden, og å bidra til at alle kan skaffe seg og behalde ein god bustad, uansett kvar i landet dei bur.
Husbanken skal vere ein pådrivar for nye forsøk, forbetring og innovasjon som bidreg til at vanskelegstilte på bustadmarknaden kan bu godt og trygt i eigna bustader. Samfunnstrendar som urbanisering, større skilnader i folkesetnaden og fleire eldre gjer det viktigare å planleggje for bustader til alle i åra som kjem.
Tilskotet støttar regjeringa si Bustadmelding – Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet.
Desse fekk tilskot i 2024:
Prioriteringar
Formålet med tilskotet til bustadsosiale tiltak er å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet i heile landet. Tilskotet skal òg stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon i møte med demografiske, økonomiske og sosiale utfordringar.
Husbanken ønskjer særleg søknader som ser nærare på:
- Nye bustadkonsept og måtar å arbeide på som bidreg til at det blir enklare for barnefamiliar og låginntektsgrupper å etablere seg i eigna bustad.
- Tiltak som støttar arbeidet med å busetje flyktningar.
- Tiltak som bidreg til at personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med andre kan velje kvar og korleis dei vil bu.
- Tiltak som bidreg til å skaffe eigna bustader for eldre i heile landet.
- Tiltak som bidreg til trygge buforhold for leigetakarar.
- Tiltak som støttar målsetjinga om at ingen skal vere bustadlause.
Det er særleg viktig at kunnskapen som vert utvikla i prosjekta, vert dokumentert, formidla og delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane. Prosjekt som bidreg til nytenking og har stor overføringsverdi til andre, vil bli prioriterte.
Kven kan søkje om tilskot til bustadsosiale tiltak?
Frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar i heile landet kan søkje om tilskot til å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet.
Formålet med tilskot til bustadtiltak i distrikta er å auke tilgangen til eigna bustader i distriktskommunar gjennom utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel.
Tilskotet skal òg stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon i møte med demografiske, økonomiske og sosiale utfordringar.
Husbanken og Distriktssenteret ønskjer særleg søknader om:
Nye samarbeidsformer, forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidreg til auka bustadbygging, eit meir variert bustadtilbod og tilgang til fleire eigna bustader for ulike grupper i distriktskommunar, til dømes gjennom:
Ulike modellar for eiging/deling/leige, risikoreduksjon/sikring mot tap ved sal av nye bustader i distriktskommunar.
Nye måtar å samarbeide med utbyggjarar og andre aktørar for å styrkje eigar- og utleigemarknaden i distriktskommunar.
Interkommunale samarbeidsordningar om bustadutvikling.
Konsept som bidreg til sosiale buformer, inkluderande og fleirfunksjonelle bumiljø.
Prosjekt som gjennom transformasjon og gjenbruk av eksisterande kommunale og/eller andre bustader og bygg bidreg til auka tilgang til eigna bustader.
Prosjekt for å auke kunnskapen om effektar og gevinstar av bustadsatsingar i distriktskommunar.
Det er viktig at kunnskapen som vert utvikla i prosjekta, vert dokumentert, formidla og delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane. Husbanken og Distriktssenteret vil følgje opp kommunane som får tilskot og tilby kompetansestøtte og arenaer for erfaringsdeling. Prosjekt som bidreg til nytenking og har stor overføringsverdi til andre, vil bli prioriterte.
Kven kan søkje om tilskot til bustadtiltak i distrikta?
Berre kommunar i sentralitetsklasse 5 eller 6 i SSBs sentralitetsindeks kan søkje om tilskot til bustadtiltak i distrikta.
Formålet med tilskot til leigebuarorganisasjonar er å vareta leigetakarar sine interesser.
I Husbanken si vurdering av søknader til drift av leigebuarorganisasjonar blir det lagt vekt på
- antal medlemmar på søknadstidspunktet
- korleis organisasjonen varetek leigetakarar sine interesser og spreier kunnskap om leigemarknaden
Kven kan søke om tilskot til leigebuarorganisasjonar?
Leigebuarorganisasjonar kan søke om tilskot til drift av organisasjonen.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. april 2025.
Dersom ein kommune sender fleire søknader, må søknadene være samordna.
Søkar må fylle ut Husbankens søknadsskjema:
Søknad om tilskot til bustadtiltak - bokmål (PDF)
Søknad om tilskot til bustadtiltak - nynorsk (PDF)
Søknad, og eventuelle vedlegg (til dømes utdjupande prosjektskildring eller dokumentasjon på samarbeid), skal sendast samla til post@husbanken.no.
Dersom ein kommune sender fleire søknader, må søknadene vere samordna.
Mottakarar av tilskot til bustadsosiale tiltak eller tilskot til bustadtiltak i distrikta skal utarbeide ein sluttrapport som oppsummerer erfaringar og dokumenterer prosjektet. Sluttrapporten skal innehalde ei skildring av arbeidet som er gjort, oppnådde resultat og ei skildring av erfaringar og læringspunkt frå prosjektarbeidet. Sluttrapporten vil bli publisert på husbanken.no.
Husbanken og Distriktssenteret vil følgje opp kommunar som mottar tilskot til bustadtiltak i distrikta, og òg bidra til at prosessen og resultata vert dokumenterte og formidla.
Leigebuarorganisasjonar skal levere ein rapport og eit rekneskap som viser korleis tilskotsmidlane er nytta.