Bergen/Sandsli: Saman for gode bustader, bumiljø og livskvalitet
-
TidStart 11. november kl. 10.00 | Slutt 12. november kl. 15.00
-
PrisSjå informasjon i teksten
-
Påmelding Påmeldingsfrist er 14. oktober kl. 00.00
Korleis kan vi samarbeide betre om å utvikle bustader og bumiljø som fremjar god livskvalitet for eldre? Statsforvaltaren i Vestland og Husbanken inviterer til ein konferanse der vi set søkjelys på korleis bustad, omgivnader og helse heng saman, og korleis vi saman kan skape gode løysingar for eldre.
Konferansen er for deg som jobbar med samfunnsutvikling, planlegging, bustad og tenester – både i offentleg og privat sektor.
På konferansen får du
- innsikt i korleis bustad og bumiljø påverkar helse og livskvalitet
- inspirasjon til lokalt samarbeid, strategisk bustadplanlegging og betre bruk av lokale ressursar
- styrkt kompetanse i bustadrådgiving
- kjennskap til relevante verktøy og verkemiddel
Du møter mellom anna
- Eduardo Hans "Doddo" Andersen, musikar, forfattar og lokalpolitikar
- Tobba Sudmann, professor ved Høgskulen på Vestlandet
- Gro Sandkjær Hansen, forskar 1 ved OsloMet
- Geir Sverre Braut, nestleiar i Folkehelseforeningen
- Distriktssenteret, fylkeseldrerådet, med fleire
I tillegg får du møte engasjerte fagpersonar frå forsking, planlegging, bustadutvikling, folkehelse og lokalsamfunnsutvikling – og høyre stemmer frå innbyggjarane sjølv.
Praktisk informasjon
- Eigendel for å vere med på konferansen er 500 kroner
- Eigendel for middag 11. november er 500 kroner
- Ver vennleg og kryss av i påmeldingsskjemaet om du er med på både konferanse og middag
- Dersom du treng hotellovernatting (1090 kroner inkl. frukost), bestillar du det sjølv innan 7. oktober via lenka under. Hotellet har satt av 75 rom til denne prisen.
Rombestilling Quality Hotel Edvard Grieg for Husbanken 11-12 november
Detaljert program for dagane vil komme seinare. I mellomtida, meld deg på og sjå fram til to dagar med inspirasjon og kunnskapsutveksling!
Arrangementet er ein del av Bu trygt heime-reforma (2024–2028) og Eldreboligprogrammet.
Arrangørar: Husbanken og Statsforvaltaren i Vestland, saman med regional koordineringsgruppe for Bu trygt heime-reforma: KS, Fylkeseldrerådet i Vestland, Vestland fylkeskommune og Utviklingssenteret for sykehjem og helsetjenester.