Midt-Noreg: To konferansar om bustadrådgjeving for eldre

  • Tid
    Start 23. oktober kl. 10.00 | Slutt 30. oktober kl. 15.30
  • Sted
    Molde, Stjørdal
  • Pris
    Gratis

Korleis kan kommunen møte behova til ei aldrande befolkning gjennom gode råd om val av bustad? Bli med på ei viktig regional samling om bustadrådgjeving for ei aldrande befolkning!

Konferansen er for kommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Jobbar du med bustadrådgjeving, planlegging eller tenester for eldre i kommunen? Er du politikar, kommunal leiar eller fagperson? Då inviterer vi deg til ein fagleg og praktisk konferanse om bustader for eldre.

Program:

Programmet er det same i Molde og på Stjørdal

  • Helsing frå Jan Hjelle, administrerande direktør Husbanken
  • Kva er eldrebustadprogrammet, og kvifor skal vi satse på bustadrådgjeving?
    v/Birger Jensen, Husbanken
  • Bustadsosial lov - kva seier lova om plikt til individuell rådgjeving?
    v/Daniel Bergameli og Eilin Reinaas, statsforvaltaren
  • Frå paragrafar til menneskje - korleis gje tydelege og verknadsfulle bustadråd med innbyggjaren i sentrum?
    v/Karina Bjørkedal, Husbanken
  • Kva seier Husbanken sine undersøkingar om behovet for råd og rettleiing? Vi ser på Boligundersøkelsen 2025 og rapporten Boligrådgivning i kommunene
    v/Merete S. Råen, Husbanken
  • Aldersvenleg bustadutvikling - er omgjevnadene viktige for eit god val av bustad?
    v/Asle Gjermundrød, Senter for et aldersvennlig Norge
  • Verdal kommune: Vår erfaring med bustadrådgjeving
    v/Siw Tone Valstad, Verdal kommune
  • Lillesand kommune: Heilskapeleg plan for bustadrådgjeving, tverrfagleg samarbeid og brei involvering
    v/Annette Lauvås Haabesland, Lillesand kommune
  • Gruppearbeid: refleksjonsoppgåve og case
  • Avslutting, oppsummering og vel heim!

Molde - 23.oktober

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Aldersvenleg Noreg, Møre og Romsdal Fylkeskommune og Husbanken inviterer kommunane i fylket til samling i Molde.

Dato: torsdag 23. oktober kl. 10:00 - 15:30

Stad: Scandic Alexandra Hotel, Molde

Meld deg på konferansen i Molde

Stjørdal - 30.oktober

Statsforvaltaren i Trøndelag, Aldersvenleg Noreg og Husbanken inviterer kommunane i fylket til samling på Stjørdal.

Dato: Torsdag 30. oktober kl. 10:00 - 15:00

Stad: Radisson Blu Hotel, Trondheim Airport, Værnes

Meld deg på konferansen på Stjørdal

På konferansen får du 

  • oversikt over kommunen sitt ansvar og handlingsrom knytt til bustadrådgjeving for eldre - kva seier lovverket, og kva verkemiddel finst?
  • innsikt fra andre kommunar - høyr gode døme frå praksis og del erfaringar
  • arbeide med konkrete case - diskuter problemstillingar og finn løysingar saman med andre

Konferansen har som mål å gje deg

  • styrkt kompetanse på rådgjeving og tilpassing av bustader for eldre
  • større medvit om samanhengen mellom bustad, kvardagsmeistring og helse
  • eit regionalt nettverk nettverk for erfaringsdeling og samarbeid

Arrangementa er ein del av Eldrebustadprogrammet (2024–2028) og støttar opp under Bo trygt heime-reforma. Reforma skal bidra til at fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogeleg, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, førebygging og meir målretta tenester.