Forsking og utvikling
Husbanken har ei nasjonal kunnskapsrolle innanfor sosial bustadpolitikk.
Husbanken har ei nasjonal kunnskapsrolle innanfor sosial bustadpolitikk.
For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt, må vi ha god kunnskap om det bustadsosiale feltet. Dette inneber at Husbanken må hente inn, systematisere og formidle kunnskap som bidreg til auka innsikt og forståing i det bustadsosiale arbeidet.
Kvart år bestiller Husbanken varierte forskingsoppdrag som gjer greie for aktuell bustadtematikk på ulike måtar. I tillegg utfører vi analysar med utgangspunkt i eigne data. Denne kunnskapen skal gi støtte til praktisk arbeid, bustadpolitiske avgjerder og utforming av politikk på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Det å hente inn slik kunnskap er ein del av eit kontinuerleg arbeid med å utvikle Husbanken sine verkemiddel og tenester.
Husbanken sine forskningsoppdrag blir annonserte via Mercell og gjort offentlige på Doffin. Tilbydarar må registrere seg i Mercell og levere tilboda sine elektronisk. Dei fleste av Husbanken sine FoU-oppdrag blir lyst ut fortløpande.
Nedanfor finn du rapportar frå forsking, statistikk og kunnskap: