Her er alle likestilte leigetakarar
På Tømmerkaia i Skien sentrum reiser det seg ein ny bydel med 240 utleigebustader. Med tidsubestemde leigekontraktar og garanti mot husleigeauke ut over indeks, skal prosjektet gjere leige til eit trygt og føreseieleg alternativ til å eige.
Bakgrunn
Tømmerkaia er eit tidlegare industriområde der Norske Skogs Union papirfabrikk heldt til. Utbyggar Steinar Moe Eiendom AS skulle i utgangspunktet berre bygge for Tyrili på Tømmerkaia i Skien og moglegvis eit bygg til. Derifrå utvikla bydelsplanane seg gradvis etter at resten av den 40 mål store eigedommen blei kjøpt i 2015.
Resultat
- Det er ferdigstilt og utleigd 163 leilegheiter fordelt på fire bygg.
- 51 leilegheiter i tre bygg skal stå ferdige i 2024/25. 150 personar står på venteliste.
- Hausten 2024 startar bygginga av eit omsorgssenter for Skien kommune opp, med 76 leilegheiter og fellesareal for bebuarane. Bygget skal stå ferdig hausten 2026.
- Det er næring i alle førsteetasjane. I bydelen er det blant anna sushirestaurant, vinbar, ein entreprenør, Blackbird (kafé og møteplass) og NORA (nasjonalt kompetansesenter for dans). Utbyggaren sjølv har òg kontor i bydelen, lett tilgjengeleg for bebuarane. Haust/vinter 2024 opnar òg ein stor restaurant i parken og ein bar sentralt på området. Våren 2025 opnar nok ein stor restaurant, og uteområda på Smieøya settast i stand for aktivitetar.
- Heile området blir bygd ut med parkar, torg og brygger.
- Kommunen inngjekk ein tilvisingsavtale med utbyggar på inntil 40 prosent av bustadene etter ei ekstern utlysing.
- Kommunen har fått dekt store delar av behovet sitt for små bustader til ein- og to-personshushaldningar gjennom denne avtalen.
- Når ein bustad blir ledig, har kommunen førsteretten innanfor dei 40 prosentane.
- Folk flyttar frå alle delar av landet for å bu i bydelen, både dei som har selt bustaden sin og ønsker å leige, og dei som er «tvinga» til å leige.
- Demografien er mykje breiare enn ved busetting i ei kommunal blokk.
- Vaktmeistertenester, trappevask og vedlikehald av uteområda blir kontinuerleg vareteke.
Mål og målgruppe
Målet med prosjektet er delvis å skaffe fleire utleigebustader i Skien, noko som det har vist seg å vere stort behov for. Dernest å tilby leigebustader med same standard og uteområde for menneske i alle aldrar, uavhengig av økonomisk status og livssituasjon.
Alle er leigetakarar, både dei som bur og dei som driv næringsverksemd. Når folk ikkje veit kven som bur i ein kommunal tildelt bustad og kven som leiger på ordinært vis, unngår ein stigmatisering. Den einaste forskjellen er at leigetida er tre år med tre månaders gjensidig oppseiing for dei med tilvisingsavtale, og tidsubestemt leigeavtale for alle andre.
Husstandar som ikkje lenger oppfyller krava for kommunalt tilvist bustad, kan inngå ordinær leigekontrakt og bli buande. Dermed unngår ein at barn moglegvis må flytte frå vennar, skolekrets og nabolaget dei har vakse opp i.
Bustadbehova i kommunen
Skien kommune har vedteke at bustadene dei disponerer skal vere spreidd rundt omkring i kommunen. Då dei lyste ut tilvisingsavtale for utleigebustader på området Klosterøya/Tømmerkaia, var det berre Steinar Moe Eiendom AS som responderte og fekk ein avtale.
– Vi er veldig fornøgde med prosessen og resultatet så langt. Kommunen har fått dekt store delar av behovet sitt for små utleigebustader til ein- og to-personshushaldningar, inkludert flyktningar, seier eigedomssjef Anita Ballestad i Skien kommune.
Ho er veldig tilfreds med at det bur ulike typar menneske på Tømmerkaia, og at det ikkje blei ein kommunal bydel.
– Dei vi har vist til ein leigeavtale med utbyggaren har blitt veldig godt vareteke og inkluderte i miljøet. Det betyr mykje å få bu i ein ordinær leigebustad. Bebuarane kjenner seg like mykje verd som alle andre, seier Ballestad.
Beskriving av bustadene, plassering og bumiljø
Leigekontraktane er indeksregulerte, men ikkje marknadsjusterte. Det betyr at bukostnadene endrar seg lite frå år til år. Leigeprisane i 2023 varierer frå 6800 kroner i månaden for ein eittroms på 32 kvadrat til 14 300 kroner for ein fireroms på 94 kvadrat.
I tillegg til husleige betaler leigetakar for straum, fjernvarme og TV/internett etter eige val. Bebuarar med bil kan leige fast eller flytande parkeringsplass, mens dei som ikkje ønsker eller har økonomi til å eige eigen bil får tilbod om bildeling. Utover dette er det ingen andre kostnader for leigetakarane.
– Vi forvaltar eit stort ansvar når vi vel å bygge gode heimar til alle slags menneske og følge opp leigeforhold og vedlikehald i veldig mange år. Det er mange dårlege og dyre leigebustader i landet vårt, og i prosjekta våre er vi opptekne av å behandle alle leigetakarar likt.
Det fortel Heidi Sjerve, dagleg leiar i Steinar Moe Eiendom AS som utviklar og drifter Tømmerkaia bydel.
– Vi har valt å bygge nye og moderne bustader og berre utleige med lang tidshorisont. Det er både for at folk skal kjenne seg heime og bu så lenge dei vil, og at vi som eigarar veit kva vi har med tanke på haldbarheit og vedlikehald. Det er spennande å utvikle ein komplett bydel med ei slik plassering, seier ho.
Finansiering
Utbyggaren har inngått tilvisingsavtale med kommunen på inntil 40 prosent av bustadene, det vil seie rundt 25 bustader per juni 2023. Husbanken har finansiert 209 bustader med lån til bustadkvalitet, som utgjer inntil 85 prosent av kostprisen, det vil seie alle leilegheitene.
Utfordringar undervegs
– Behovet for nye utleigebustader er stort. Mange andre kommunar bankar på døra vår og ønsker at vi bygger hos dei, mellom anna for eldregruppa, seier Heidi Sjerve og legg til: Vi bygger så mykje vi kan med eigenkapitalen vi har tilgjengeleg, og med berre ventelister og tilvisingsavtalar som "sikkerheit".
Når kommunen er med på laget, forsøker media ofte å stigmatisere bustadplanane ut frå såkalla vanskelegstilte bebuargrupper.
– Det prøver vi aktivt å dempe ved å vise kva vi bygger, og at heilt vanlege folk skal bu her. Samarbeidet med Skien kommune har vore heilt fantastisk, også på dette området, avsluttar Heidi Sjerve.