Massivtre midt på campus i Kristiansand

Med ei dekningsgrad på berre 13 prosent i Agder, var dei 271 nye hybelleilegheitene svært etterlengta på Universitetet i Agder sin campus i Kristiansand. Mange studentar søker om hybel hos studentsamskipnaden god tid i førevegen, og dei som får tilslag er svært nøgde med butilbodet på Gimlemoen.

Gult bygg i forgrunnen, rødt bygg bak noen løvtrær på tunet mellom byggene. Grønn plen og benker. Foto.
Brunt bygg, bilde tatt nedenfra liten skråning med lyng, bær og en sti mellom trærne. Foto.
Elektroniske postkasser på veggen med kortleser for å åpne. Foto.
Parleilighet sett fra døra. Hvitt kjøkken til høyre, to rom rett fram. Foto.
Rom med hvite vegger, seng, høye vinduer med utsikt over tunet og en pult med kontorstol. Foto.
Hvitt kjøkken med sort benkplate og høye overskap. Stekeovn med komfyr og kjøleskap med liten fryser øverst. Det ene soverommet med seng og kontorpult til venstre. Grønn kontrastfarge på dører og karmer. Foto.
Hvitt bad med veggfliser og gulvbelegg. Dusjkrok med glassvegg, hvit servant med speil og gulvklosett. Foto.
Stort og lyst fellesrom i hver etasje. Store vindusflater med utsikt mot UiA og sentrum. Bord og stoler. Foto.
Utsikt over UiA fra fellesrom i femte etasje. Grønne trær omkranser campusområdet. Foto.
Stort fellesrom til utlån i det ene bygget med langbord og stort, koksgrått kjøkken. Mørke grønne kontrastvegger på kjøkkenet og gardiner, ellers lyse massivtre vegger. Foto.
Lys gang i femte etasje med sosial sone i koksgrå kontrastfarge. Synlig massivtre i alle rom og ganger og grønne dører. Foto.
Trappeoppgang med lyse massivtre vegger, rekkverk og markeringer i trinn og gulv for svaksynte. Foto.
Låsbare kjellerboder størrelse 1x1,5 meter med gittervegger. Foto.
Gjenbruksrom med ting og tang til overs som studentene kan plukke. Fellesvaskeri i naborommet innenfor. Foto.
Gult hybelbygg sett fra tunet. Grønt gress, sittebenker og noen trær i forgrunnen. Foto.
Rødt hybelbygg sett fra tunet. Grønt gress, amfitrapper, sittebenker og noen trær til venstre. Foto.
Brunt hybelbygg sett mot inngangsparti. Hellelagt område med sykkelparkering og litt grønt gress og trær på sidene.
Tunet mellom hybelbyggene sett fra femte etasje i det brune bygget. Grønt gress, trær, benker, grillplass og stier. Det røde og gule bygget skimtes i bakgrunnen. Foto.

Bakgrunn

På staden der det gule og raude bygget står, stod tidlegare militærkasernar frå 1940-talet. Militærkasernane blei omgjorde til studentbustader i 1997 og rivne i 2021 for å gi plass til nye studentbustader. I tillegg sette Studentsamskipnaden i Agder (SiA) opp eit tredje bygg i same område. Til saman utgjorde dette 271 hybeleiningar som var klare til innflytting sommaren 2023.

Resultat

Mål og målgruppe

Det er studentar ved UiA og andre utdanningsinstitusjonar knytt til SiA som kan søke om studentbustad hos SiA.

– Vi prioriterer dei yngste og uerfarne studentane først, sålik at dei får ein god og tilrettelagd start på studietida, fortel Heming Bentsen, leiar i SiA bustad.

Fleire kvalitetar

I dette prosjektet har SiA vore ekstra oppteken av å ta psykososiale omsyn, mellom anna med synlege og opne fellesrom i kvar etasje.

– For å komme til hyblane må studentane passere ei sosial sone i kvar etasje. Dette er gjort for å motverke einsemd og skape eit inkluderande miljø. Dessutan er bygga plasserte rundt eit tun med fleire møteplassar, og det er rusleavstand mellom bygga og universitetet rett her nede, seier Bentsen.

SiA Helse arrangerer matkurs for studentar i det store fellesrommet. Då får studentane innføring i kosthald, og dei lagar sunn, rimeleg og enkel mat saman. Kursa er både lærerike og sosiale, og veldig populære. Fellesrommet blir også lånt ut gratis til bebuarane når dei ønsker å arrangere noko.

Alle dei tre bygga er produserte i massivtre hos norske Splitkon. yse treveggar og behageleg akustikk er påfallande både i gangane og inne i leilegheitene. I tillegg til miljøaspektet og at det har blitt meir vanleg å bygge med massivtre, var kostnaden omtrent den same som betong, ifølge SiA. Bygga er tilknytt fjernvarme og har eigne energibrønnar som bidrog til å oppnå passivhusstandard.

Mange av leilegheitene har utsikt over campus frå store vindauge med automatisk solskjerming. Dei har òg skyvedør mellom kjøkken og soverom. Dette dempar lukt og støy frå matlaging og gir ei oppleving av å bu i ein toroms hybel.

Studioleilegheitene er spesielt tiltenkt dei mange internasjonale studentane som kjem på utveksling og som berre skal bu eit semester. UiA har ofte dobbelt så mange internasjonale studentar om hausten som om våren. Det bur derfor to internasjonale studentar i kvart sitt rom om hausten, medan éin student har heile leilegheita for seg sjølv om våren.

Om sommaren blir hyblane brukte til sommarskulen som UiA arrangerer.

Finansiering

Ei eittroms leilegheit kostar 5990 kroner i månaden. Toroms kostar frå 8720 kroner og studioleilegheitene frå 4360 kroner. Prisen inkluderer straum, lynraskt breiband, vaktmeisterteneste og ei bumiljøvaktordning.

Totale prosjektkostnader: 269 649 722 kroner fordelt på 167 467 000 kroner i lån og 101 636 200 kroner i tilskot frå Husbanken.

Brukarmedverknad

I 2021 jobba SiA og arkitektfirmaet Code saman med ei gruppe studentar for å forme den perfekte studentbustaden. Studentane framheva at eige bad og kjøkken med vanleg komfyr, kombiskap med stor fryser og oppvaskmaskin var viktigast. Det var her ideen om skyvedør mellom kjøkken og soverom kom opp. I tillegg var det viktig med opne og lett tilgjengelege fellesrom.

– Arkitektane var lydhøyre både for våre og studentane sine ønske, og dei har god erfaring med å bygge studentbustader i massivtre. Vi er svært nøgde med resultatet på Gimle 4, fortel Bentsen.

Vidareføring av arbeidet

I 2023 gjekk 13 861 studentar på UiA sine to campusar på Sørlandet. Per august 2024 bur det totalt 1183 studentar i dei 800 hyblane som Studentskipnaden i Agder (SiA) har på Gimlemoen.

Dekningsgrada i fylket har gått opp til 15,5, og SiA rår over cirka 2100 sengeplassar fordelt på 1627 studentbustader i Kristiansand og Grimstad. I 2025 skal 371 studenthyblar med 400 nye sengeplassar stå klare på Lund torv. Då vil dekningsgrada på Agder stige til 18 prosent.

Lenke

Artikkel om bustadsituasjonen for studentar i Kristiansand (nrk.no)