Strømmehaven: Demenstilpassa omsorgsbustader

Strømmehaven består av 42 nye omsorgsbustader, spesielt utforma for personar med demens. Her kan bebuarane bu livet ut. Bustadene er samlokaliserte med vanlege omsorgsbustader og ein liten sjukeheim. Her finst det òg ein base for heimetenester og eit dagsenter for eldre som bur i nabolaget. Butikk, frisør og kafé er opne for heile nabolaget. Tunet har til saman 80 omsorgsplassar.

felles uteområde med gangsti og sittegruppe. Foto.
Felles inngang med respesjon. Foto.
Butikk i bygget. Foto
Lite rødt uthus for dyrehold. Foto.

Tekst og bilete i denne artikkelen er levert av SINTEF Community, basert på synfaring, intervju med planleggar i kommunen og dagleg leiar.

Resultat

Løysinga viser at spesialtilpassa omsorgsbustader kan gje gode tilbod for personar med demens heile livet.

Bakgrunn

Prosessen starta allereie i 2015, etter påtrykk frå politikarane i Kristiansand. Dei ønskte å gje personar med demens moglegheiter for ei ny buform. Besøk til De Hoegeweyk i Nederland vart ein viktig inspirasjon for både administrasjonen og politikarane. Sjølve grunntanken er omsorgsfilosofien, som bygger på ideen om at ein skal kunne bu heime heile livet. Bygga, uteareala og tilleggstilboda skal støtte denne idéen. Med bakgrunn i dette, ønskte ein å organisere tilbodet som omsorgsbustader, sjølv om det er meint for personar som skal bu der livet ut.

Mål og målgruppe

Tilbodet er laga for personar med demens. Tenestetilbodet vert tilpassa individuelle behov, og er organisert med faste tilsette i kvar bugruppe. I tillegg er det eit ressursteam med spisskompetanse som støttar arbeidet i gruppene. Det nye tilbodet ligg ved sida av eksisterande tilbod i sjølvstendige omsorgsbustader og ein liten sjukeheim. Dette bidreg til eit mangfald av tilbod som kan tilpassast ulike behov og preferansar.

Beskriving av prosessen

Arbeidet vart opplevd som nybrotsarbeid. Kommunen meiner det var ein styrke at einingsleiaren var med i heile planprosessen og kunne halde fram som leiar også i driftsfasen. Dette fordi det er eit kontinuerleg arbeid å omsetje idéane til kvardagen i butilbodet. Kommunen hadde ein eigen dedikert prosjektleiar, og det var tett og godt samarbeid mellom prosjektleiar og einingsleiar gjennom heile planlegginga. Dei definerte tidleg klare mål for tilbodet.

Fokuset var på bebuarane og å støtte deira oppleving av tryggleik, trivsel og deltaking i samfunnet. Desse prinsippa var grunnlaget for både planlegging og drift. Kommunen fekk god støtte frå andre kommunar som jobba med å utvikle liknande tilbod. Kommunen opplevde samarbeidet med Husbanken som godt. Husbanken kjende godt til konseptet og fungerte som ein pådrivar for å få dette til.

Erfaringar med løysinga

Bygget stod ferdig i september 2020 og har vore i drift sidan. Dagleg leiar har framleis stor tru på konseptet og meiner det fungerer etter intensjonen. Å kunne vere meir ute, bevege seg meir og ha gode rammer rundt mat og måltid kjennest helsefremjande – også for personar i siste fase av livet. Det vert opplevd som ei verdig avslutning. Undersøkingar blant pårørande syner at dei er nøgde med tilbodet.

Kommunen opplever at dei har lykkast i å trekkje til seg private aktørar som driv kafé og butikk. Dette  skapar aktivitet og gjer at tilbodet vert oppsøkt utanfrå. Også for bebuarar i dei opphavlege bustadene og sjukeheimen, har desse tilboda bidrege til fleire plassar å oppsøke. Eit attraktivt anlegg gjer det enklare å rekruttere frivillige.

Brukarmedverknad

Arbeidet bygde på relevant forsking om erfaringar med tilbod til personar med demens. Tilsette med erfaring frå målgruppa vart involverte i heile planlegginga. Når utfordringar oppstod, stilte dei seg spørsmålet: "Korleis ville vi gjort dette heime?". Dette førte til at dei fjerna seg frå ei del tradisjonelle institusjonsløysingar.

Tilsette er opptekne av at bebuarane skal få ta eigne val, sjølv om vala i blant kan opplevast som mindre heldige blant dei tilsette. Leiaren seier: «Vi skal ha respekt for at det er deira val. Det er viktig å spørje kva dei ønsker». Dette gjev bebuarane moglegheit til å påverke sin eigen kvardag. Dette meiner dei at har blitt endå tydelegare, nettopp fordi tilbodet er organisert som omsorgsbustader.

Finansiering

Utfordringar undervegs

Dagleg leiar fortel at det var krevjande å endre tankesett – både når det gjaldt bygg og nye måtar å organisere tenester på. Det å utvikle nye løysingar dei ikkje hadde erfaringar med, var utfordrande. Det oppstod fleire konfliktar mellom intensjonar og gjeldande regelverk, spesielt mellom brannkrav og ønske om ein heimleg atmosfære. Branngardiner blei nytta for å kompensere for moglegheita til å ha det meir ope mellom korridor, kjøkken og stove, men førte òg til meir korridorareal enn dei ønskte.

Tips til andre

Lenker

Strømmehaven omsorgssenter (bygg.no)

FRIIS & MOLTKE Architects om Strømmehaven (friis-moltke.dk)

Erfaringar med "hagebyar" tilrettelagt for personar med demens, SINTEF (PDF)